Alfred Jens Bjørlo (V): Ap/Sp-regjeringa har skrinlagt førre regjering sin plan om eit nytt Eksportstrategiråd i Ålesund, fordi vi ikkje treng «...enda en etat med enda et styre, enda en logo, enda et HR-system og enda et administrasjons- og regnskapssystem som koster penger, i stedet for å bruke pengene på verdiskaping.»
Har Regjeringa gjort tilsvarande vurdering av pengebruken med å opprette sju nye fylkeskommunar, og kva utgjer dei administrative kostnadene for sju nye fylkeskommunar samanlikna med eitt lite sekretariat for Eksportstrategirådet?
Begrunnelse
Som del av arbeidet med å styrke norsk eksport, foreslo Solberg-regjeringa å opprette Eksportstrategirådet lokalisert i Ålesund for å bygge opp eit statleg kompetansemiljø med ei styrande rolle i norsk eksportpolitikk utanfor Oslo.
Ap/Sp-regjeringa har skrinlagt denne planen, og vil i staden at norsk eksport framleis skal leiast og styrast frå Oslo. Det tyngste argumentet for å vrake oppretting av Eksportstrategirådet i Ålesund er, i følgje Næringsministeren sitt svar i spørjetimen 23/3 (spørsmål 1) at:
«Vi oppretter ikke nye offentlige etater, for det er bortkastede penger. (…) når bedriftene våre da forteller oss at vi ikke trenger flere offentlige etater, men at vi trenger bedre virkemidler som raskere tar oss til mål, så er det vel det som må være viktig, og ikke at vi får enda en etat, med enda et styre, enda en logo, enda et HR-system og enda et administrasjons- og regnskapssystem som koster penger, i stedet for å bruke pengene på verdiskaping.»
Det er prisverdig at Næringsministeren og regjeringa er oppteken av offentleg pengebruk og å bruke minst mulig pengar på byråkrati og mest mulig på verdiskaping. Men uttalen frå Næringsministeren står i eit merkeleg lys når vi veit at den same regjeringa no arbeider med å opprette sju nye fylkeskommunar – med kvar sine styrande organ, kvar sin logo, kvar sine HR-system, kvar sine administrasjons- og rekneskapssystem og så vidare. Medan Eksporstrategirådet handla om 10-15 stillingar og eit budsjett på eit tosifra millionbeløp, handlar sju nye fylkeskommunar om nye administrative styringssystem for ca. 15 000 tilsette og med driftsbudsjett på tosifra milliardbeløp.
Regjeringa har allereie varsla at dei vil dekke alle kostnadene opprettinga av sju nye fylkeskommune-administrasjonar vil medføre – samtidig som regjeringa med voldsomt engasjement argumenterer mot å opprette eitt nytt, lite eksportstrategiråd i Ålesund fordi det er bortkasta pengar å opprette nye offentlege einingar.
Det vil då vere viktig å vite om regjeringa har gjort tilsvarande vurderingar for oppretting av sju nye fylkeskommunar, som ein gjorde då ein valde å skrinlegge planen om å opprette Eksportstrategirådet i Ålesund og i staden løyse oppgåvene gjennom eksisterande etatar og meir desentralisert lokalisering av stillingar i desse etatane.