Sveinung Rotevatn (V): Eksisterer det noko som helst naturfagleg grunnlag som tilseier at det er forsvarleg å opne for garnfiske på dei sårbare laksebestandane i Tana-vassdraget?
Begrunnelse
Klima- og miljødepartementet har sendt på høyring eit forslag om å opne for garnfiske på dei sårbare bestandane av atlantisk laks i Tana-elva. Høyringsnotatet vert innleia på følgjande måte:
"Bestandssituasjonen for laksebestandene i Tanavassdraget var svært dårlig i 2021, og etter prognosene for innsig av laks til Tanavassdraget i 2022 forventes ingen bedring. Bestandene i Tana produserer ikke lengre noe høstingsverdig overskudd."
Like fullt er altså regjeringa sin konklusjon at ein på ny vil opne for fiske på desse bestandane. I lys av at villaksen for første gong er plassert på raudlista for truga artar, og at bestnadane i Tana-elva er særleg sårbare, er det vanskeleg å forstå kva som skal vere det naturfaglege grunnlaget for å opne for eit fiske som med nødvendigheit vil redusere bestandane ytterlegare. Eit slikt grunnlag går heller ikkje fram av høyringsnotatet. Derimot blir det slått fast:
"Forskerne i både Norge og Finland er tydelige på at hver eneste tanalaks som tas ut i 2022 vil være et overfiske. Et fiske i Tana 2022 vil utvilsomt føre til at man må forlenge perioden med strenge fiskerestriksjoner, og vil sannsynligvis legge begrensninger på fisket for fremtidige generasjoner. Det kan ikke utelukkes at et fiske – selv meget begrenset – kan sette hele gjenoppbyggingsprosessen i fare og i verste fall kunne føre til utryddelse av laksebestander i Tanavassdraget."
At departementet likevel foreslår å opne for fiske, vert grunngitt med
"ønsket om å bevare kunnskapen og tradisjonene knyttet til laksefisket i Tanavassdraget".
All den tid det berre har vore stengt for fiske i éin sesong, er det vanskeleg å forstå at kunnskap og tradisjonar er truga i den grad at det skal vere forholdsmessig å sjå heilt vekk frå dei tydelege naturfaglege råda som departementet sjølv viser til i høyringsnotatet.