Olve Grotle (H): Kva vil statsråden gjere for å sikre at landstraum for cruiseskip vert etablert i Flåm innan 2022?
Begrunnelse
Stortinget har gjort vedtak om å sikre verdsarvfjordane som anløpshamn også etter 2026, blant anna ved at staten sikrar etablering av landstraum som planlagt innan 2022.
Klima og miljødepartementet har nyleg gjeve Sjøfartsdirektoratet i oppdrag i løpet av året å greie ut status og forslag knytt til vedtak om 0-utslepp i verdsarvfjordane. Landstraum er ikkje konkret nemnd i oppdraget.
Etablering av landstraum i Flåm er nødvendig for å sikre framtidig 0-utslepp, og sterkt reduserte utslepp fram til 0-utsleppsteknologi er på plass. Eit landstraumanlegg gjer det mogleg å levera miljøvennleg energi også til andre fartøy og til bussar og bilar.
ENOVA gav i juni 2020 tilsegn om støtte på 27 millionar kroner til Aurland Hamnevesen for å etablere landstraumanlegg. Konsekvensen utan ei snarleg avklaring er at ein må søkje om utsett frist for utbetaling eller i verste fall risikere å miste støtta.
Realisering av landstraum bør difor realiserast straks, med nødvendig garanti for finansiering, og uavhengig av den utgreiinga Sjøfartsdirektoratet skal gjennomføre.