Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1955 (2021-2022)
Innlevert: 01.05.2022
Sendt: 02.05.2022
Besvart: 09.05.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Har statsråden planar om å bidra økonomisk til å få rassikre Tokagjele i Kvam herad i Vestland fylke?

Begrunnelse

Tokagjelet er blant dei mest rasfarlege vegstrekningane i Vestland. Prosjektet som er planlagt i Kvam herad er kostnadskrevande med ny tunell. Dagens nivå på rassikringsmidlane Vestland fylkeskommune får er for små til å klare å bidra til dette viktige prosjektet samt andre rassikringsprosjekt som og er naudsynt. Politikarane i Vestland fylkeskommune held i disse dager på med prioritering av de små vegkronene de har til rådighet. Signal om auka satsing frå staten til rassikring også av fylkesveger hadde vært på sin plass.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Det går fram av spørsmålet at dette er eit prosjekt på fylkesvegnettet. Vestland fylkeskommune har derfor ansvar for eventuelle tiltak for å rassikra vegen. Ansvaret gjeld og finansiering av tiltak.
Midlar til ras- og skredsikring på fylkesveg vart tidlegare løyvd over ein øyremerka post til fylkeskommunane. Frå 2020 er midlane innlemma i rammetilskottet. Midlane vert fordelte mellom fylkeskommunane med utgangspunkt i eit tilskottsprogram for skredsikring på fylkesvegnettet for perioden 2018 – 2023. Tilskottsprogrammet er utarbeidd av Statens vegvesen og basert på dei økonomiske rammene i Nasjonal transportplan 2018 – 2029.
For 2022 er det fordelt 870,8 mill. kr til ras- og skredsikring på fylkesveg over rammetilskottet til fylkeskommunane. Vestland fylkeskommune har fått tildelt 452,0 mill. kr av desse midlane.
Eg svara på eit tilsvarande spørsmål frå stortingsrepresentant Sigbjørn Framnes 30. mars i år.