Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:2010 (2021-2022)
Innlevert: 08.05.2022
Sendt: 09.05.2022
Besvart: 20.05.2022 av næringsminister Jan Christian Vestre

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kan Næringsdepartementet sine nye tilleggsvilkår til Nordic Rutile AS om driftskonsesjon til mineralutvinning i Engebøfjellet tolkast slik at det framleis kan bli stilt krav om at det ikkje skal deponerast gruveavfall i sjø før endeleg driftsplan vert godkjent?

Begrunnelse

Næringsdepartementet stadfesta 6. mai 2022 Direktoratet for mineralforvaltning sin driftskonsesjon til Nordic Rutile AS for å drive rutilutvinning i Engebøfjellet, men har i følgje pressemelding frå Næringsdepartementet skjerpa miljøkrava med tre tilleggsvilkår.
Eitt av desse vilkåra er at:

«...andelen overskuddsmasser skal reduseres i alle prosesser, slik at behovet for deponering blir minst mulig, basert på beste tilgjengelige teknologi og beste tilgjengelige drifts- og deponeringsmetoder.»

Det ligg allereie føre ein alternativ søknad om mineralutvinning i Engebøfjellet frå eit anna selskap, som legg opp til å bruke teknologi og driftsmetodar som ikkje medfører bruk av fjorddeponi/ dumping av avfall i sjø. Med andre ord finst denne teknologien allereie. Betyr det at det kan bli stilt krav også til Nordic Rutile AS om at dei ikkje skal dumpe gruveavfall i Førdefjorden før endeleg driftsplan vert godkjent – jmf. tilleggsvilkår nr. 1 i Næringsdepartementet si avgjerd i klagesaka.

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Nærings- og fiskeridepartementet har etter ei grundig vurdering etter gjeldande minerallov avgjort å oppretthalde tildelinga av driftskonsesjon til Nordic Rutile AS. Eg har imidlertid også lytta til miljøbevegelsen, og eg har stramma inn miljøkrava i driftskonsesjonen betydeleg.
Eg gjentek tilleggsvilkåra her:

1. Det skal være en samlet sett størst mulig ressursutnyttelse av forekomsten, basert på forståelse av at alle ressurser har verdi i sirkulærøkonomien. Andelen overskuddsmasser skal minimeres i alle prosesser, slik at behovet for deponering blir minst mulig, basert på beste tilgjengelige teknologi og beste tilgjengelige drifts- og deponeringsmetoder. Tiltakshaver skal utarbeide planer med mål for årlig reduksjon av overskuddsmasser og annen miljøpåvirkning. Utnyttelsesgraden av forekomsten, samt utviklingen av mengden overskuddsmasser til deponering, skal rapporteres årlig til DMF1 sammen med den årlige driftsrapporteringen. I rapporteringen skal det beskrives hvordan tiltakshaver jobber systematisk med å redusere overskuddsmasser, og konkrete resultater av dette arbeidet.

2. Senest en måned før drift under jord starter skal plan for underjordsdrift detaljeres og være godkjent av DMF. Tiltakshaver skal i denne forbindelse utrede hvordan dagbrudd og underjordsdrift kan drives på en slik måte at en størst mulig andel av overskuddsmassene kan tilbakefylles i utdrevne områder. Selskapet skal være i dialog med DMF om hvordan driften kan tilrettelegges for å minimere overskuddsmasser. Det forutsettes at alle deler av virksomheten drives i henhold til beste tilgjengelige teknologi og drifts- og deponeringsmetoder som minimerer behovet for deponering.

3. Tiltakshaver skal benytte utslippsfrie maskiner når denne teknologien er tilgjengelig, alternativt fossilfrie maskiner inntil nullutslippsløsninger er på plass. DMF kan dispensere fra vilkåret i de tilfeller hvor det er helt nødvendig å benytte fossile kjøretøy. Tiltakshaver skal ha mål og planer for årlig reduksjon av direkte og indirekte klimagassutslipp, og annen miljøpåvirkning som for eksempel kjemikaliebruk og annet avfall.

Eg vil understreke at tiltakshavar ikkje kan starte utvinning av mineraler før driftsplanen er godkjent av Direktoratet for mineralforvaltning (DMF). Denne driftsplanen må vere i tråd med driftskonsesjonen, inkludert dei skjerpa miljøkrava. Eg har personleg trygga meg om at direktoratet fylgjer opp dette aktivt.
Når DMF handsamar driftsplanen, skal dei mellom anna vurdere om «alle deler av virksomheten drives i henhold til beste tilgjengelige teknologi og drifts- og deponeringsmetoder som minimerer behovet for deponering». Det er vidare eit vilkår at «andelen overskuddsmasser skal minimeres i alle prosesser, slik at behovet for deponering blir minst mulig». Dette betyr at DMF må gjere ei konkret og fagleg vurdering av i kva grad tiltakshavar har vald beste tilgjengelege teknologi og beste tilgjengelege drifts- og deponeringsmetodar som minimerer behovet for deponering. Dersom det er tilfelle, vil tiltakshavari utgangspunktet tilfredsstille vilkåret. Dersom DMF vurderer at verksemda kan drivast på ein annan måte som bidrar til mindre deponering, vil tiltakshavar ikkje tilfredsstille vilkåret med mindre driftsplanen endrast. Med «alle deler av virksomheten» meinast at det er verksemda under eitt som skal vurderast, ikkje berre dei driftstekniske løysingane, men også forretningsmodell mv. som høyrer naturleg til verksemdsomgrepet og som har betydning for å kunne minimere behovet for deponering. Også her må DMF gjere ei konkret og fagleg vurdering av i kva grad tiltakshavar oppfyller vilkåret. Dersom det er tilfelle, vil tiltakshavari utgangspunktet tilfredsstille dette vilkåret. Dersom DMF vurderer at verksemda kan drivast på ein annen måte som bidrar til mindre behov for deponering, vil tiltakshavar ikkje tilfredsstille vilkåret med mindre driftsplanen endrast.
Det er ikkje naturleg for meg å gå nærare inn på døme på teknologiar og drifts- og deponeringsmetodar, ettersom dette er faglege spørsmål som eg har tillit til at DMF vurderer på ein god måte.
Når det gjeld sjølve sjødeponiet, høyrer det til utsleppsløyvet etter forureiningslova som tidlegare er gitt av Klima- og miljødepartementet og oppretthaldt av Kongen i statsråd. Spørsmålet om driftskonsesjon etter minerallova, som Nærings- og fiskeridepartementet nå har hatt til vurdering, gir ikkje grunnlag til å revurdere sjølve utsleppsløyvet. Eg vil likevel understreke at utsleppsløyvet, som vart endeleg avgjort før denne regjeringa tiltrådte, definerer maksimal tillatt deponeringsmengd. Tiltakshavar må imidlertid også halde seg til vilkåra i driftskonsesjonen og tilleggsvilkåra. Det betyr at drifta må vere i tråd med både utsleppsløyvet og driftskonsesjonen, herunder dei skjerpa miljøkrava i driftskonsesjonen som skal bidra til at «behovet for deponering blir minst mulig».
Dei miljømessige konsekvensane av tiltaket er grundig vurdert i denne og tidlegare prosessar. Eg vil understreke at tillatinga etter forureiningslova ikkje var oppe til ny vurdering i samband med konsesjonssaka. I utsleppstillatinga er det stilt strenge krav til utslepp, miljøovervaking, utsleppskontroll og rapportering, og drifta vil følgjast nøye opp av Miljødirektoratet.
Det er ingen løyndom at Engebø-prosjektet har vorte omstridt. Det var difor naudsynt med ein omfattande og grundig saksførebuing av klagesaka, som også har reist nokre viktige spørsmål knytta til mineralnæringa i framtida i Noreg. Eg har hatt nær dialog med miljøbevegelsen, partane i arbeidslivet og bransjen sjølv. Vi er einige om at det grøne skiftet avheng av tilgangen til mineral, og at Noreg bør vise veg og ha som ambisjon å utvikle den mest berekraftige mineralnæringa i verda. Nærings- og fiskeridepartementet arbeider difor med ein ny mineralstrategi, som skal leggjast fram i løpet av året. Her ynskjer vi å tilretteleggje for at mineralnæringa i Noreg kan bidra til FNs berekraftsmål gjennom utvinning av mineraler som er naudsynte for elektrifiseringa og det grøne skiftet, på ein måte som er miljømessig, sosialt og økonomisk berekraftig. Vi vil vurdere om det er område som eignar seg for gruvedrift, og områder som ikkje gjer det, mellom anna av omsyn til naturinngrep, deponimoglegheiter og andre omsyn. Vi vil søkje ny kunnskap om ulike deponeringsformer, herunder vurdere framtida til sjødeponi. Vi vil arbeide for at næringa kan bli meir sirkulær, gjennom at overskuddsmassar i størst mogleg grad utnyttast framfor å deponerast, basert på ei forståing av at alt har verdi i sirkulærøkonomien. Vi vil vurdere å stille auka krav til ombruk av overskuddsmassar, sjå på auka forskningsinnsats og om det vil vere føremålsteneleg med insentiv eller avgifter som bidrar til mindre deponering. Og vi vil greie ut korleis ein større del av verdiskapinga i mineralnæringa kan bli att lokalt og nasjonalt.

1 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard (DMF)