Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2031 (2021-2022)
Innlevert: 11.05.2022
Sendt: 11.05.2022
Rette vedkommende: Finansministeren
Besvart: 20.05.2022 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren legge fram eit detaljert oppsett over kva dei minst 50 milliard kr frå bil og bilrelaterte avgifter, samt bompengane på 15 milliard kr frå bilen faktisk blir brukt til?

Begrunnelse

I statsbudsjettet ligg det informasjon om at bil og bilrelaterte avgifter er omlag 53 milliard kr. I tillegg kjem ca. 10 milliard kr i bompengar på riksvegane og 5 milliard kr i bompengar på fylkesvegar.
I statsbudsjettet er det lagt inn ca. 19 milliard kr til vegformål, som altså er vesentleg mindre enn det bilistane betalar for bruken av veg og veganlegg.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Svar

Trygve Slagsvold Vedum: Inntektene frå dei bilrelaterte særavgiftene er ikkje øyremerkte vegformål eller andre formål, men blir inntektsført på statsbudsjettet slik at Stortinget står fritt til å prioritere midla til ulike formål.
Samla løyving til vegformål kan verte talfesta til om lag lik som inntektene frå dei bilrelaterte særavgiftene. I budsjettet for 2022 er inntektene frå bilrelaterte særavgifter vurdert til om lag 40 mrd. kroner, sjå Prop.1 LS. (2021–2022) s. 171, mens samla løyving til vegformål var nær 40 mrd. kroner i saldert budsjett. Kommunane og fylkeskommunane har òg store utgifter til vegformål som ikkje er medrekna her. I tillegg vert fleire vegprosjekt bompengefinansierte. Det inneber at bompengeinntektene vert brukt til dei ulike vegformåla. Bompengar til veginvesteringar kommer i tillegg til dei ordinære statlege midlane. Tabell 6.9 i Samferdselsdepartementets vedlegg til Prop.1 S (2021–2022) gir ei oversikt over innbetalte bompengar og bompengar stilt til disposisjon i tidsrommet 2011–2022.