Svar
Jon-Ivar Nygård: Staten finansierer sine riksvegferjer direkte i dei årlege statsbudsjetta, etter vanlege budsjettmessige prioriteringar. Både riks- og fylkeskommunal ferjedrift tildeler løyve basert på anbodskonkurransar.
Finansieringsmodell for fylkesvegferjene
Fylkeskommunal ferjedrift blir i hovudsak finansiert med fylkeskommunane sine eigne skatteinntekter, rammetilskot frå staten og billettinntekter. Skatt og rammetilskot er frie inntekter og blir fordelt gjennom inntektssystemet for fylkeskommunane. Fylkeskommunane disponerer desse midlane fritt, utan andre bindingar frå staten enn gjeldande lover og reglar. Det er altså ikkje eigne øyremerkte tilskot til ferjedrift gjennom inntektssystemet, og kvar fylkeskommune må sjølv vurdere rutetilbodet til og finansieringa av dei enkelte ferjesambanda. Eg kan derfor ikkje gjere greie for korleis kvart enkelt fylkeskommunalt ferjesamband er finansiert.
Det overordna målet med inntektssystemet er å jamne ut dei økonomiske føresetnadene mellom fylkeskommunane, slik at dei har dei same moglegheitene for å gi innbyggarane eit likeverdig tenestetilbod. Utgiftsutjamninga i inntektssystemet skal medverke til dette, og fordeler om på rammetilskotet mellom fylkeskommunane etter kva utgiftsbehov dei har. Utgiftsutjamninga er ei rein omfordeling mellom fylkeskommunane: Fylkeskommunar med eit utgiftsbehov over landsgjennomsnittet får eit tillegg i rammetilskotet, mens dei som har eit utgiftsbehov under landsgjennomsnittet får eit trekk.
Utgiftsbehovet for den enkelte fylkeskommunen blir rekna ut ved hjelp av kostnadsnøkkelen, som består av ulike kriterium med vekter. Eitt av kriteria i nøkkelen er dei normerte ferjekostnadene, som skal fange opp kostnadene ved å drifte kvart enkelt ferjesamband. Kriteriet blir berekna med ein kostnadsmodell utvikla av Møreforsking Molde, og er dokumentert i rapporten Utgiftsbehov til ferjer og hurtigbåter (2017). Det blei gjort somme justeringar i kriteriet i 2020, som er dokumentert i vedlegg 3 i høyringsnotatet Forslag til nytt inntektssystem for fylkeskommunene (Kommunal- og moderniseringsdepartementet, 2019).
Møreforskings kostnadsmodell reknar ut dei normerte kostnadene ved å drifte kvart enkelt ferjesamband. Kostnadene blir rekna ut i fleire steg. Det første steget er å dele alle fylkeskommunale ferjesamband inn i standardklassar, med utgangspunkt i strekningslengda og trafikktal. Standardklassane er henta frå ein ferjestandard utvikla av Statens vegvesen. Sambanda blir òg plassert i eit fartsområde, det vil seie eit nærare definert farvatn med eigne sikkerheitskrav til fartøy, utstyr, bemanning eller drift. Fartsområda er definert ei eiga forskrift.
I det neste steget blir det sett ei norm for servicenået (talet på avgangar i løpet av ein dag og opningstida på sambandet) for kvart enkelt samband. Servicenivået følgjer av standardklassen til ferjestandarden. Denne normeringa er nødvendig for å sikre likebehandling mellom fylkeskommunane, men er ikkje meint som ei statleg føring for korleis dei skal legge opp rutetilbodet.
Det tredje steget er å rekne ut dei normerte bruttokostnadene ved å drifte kvart enkelt samband. Utrekningane er basert på metodikken i Statens vegvesens kostnadsmodell EFFEKT, men Møreforsking har gjort nokre tilpassingar. Utrekningane består av fleire ulike delar, og inkluderer drivstoffkostnader, lønskostnader og kapitalkostnader.
I det fjerde steget blir det rekna ut eit estimat på billettinntektene, som så blir trekt frå bruttokostnadene. Estimatet blir rekna ut med utgangspunkt i riksregulativet for ferjetakstar (korrigert for reduksjonen i ferjetakstar), og legg dermed til grunn at alle fylkeskommunar følgjer det same takstregulativet.
I det siste steget blir nettokostnadene summerte til fylkesnivå, og resultatet blir brukt som kriteriedata i inntektssystemet. Ferjekriteriet er eitt av fleire kriterium i kostnadsnøkkelen for fylkeskommunane, og utgjer om lag 4,5 prosent av den samla nøkkelen i 2022. Det er den samla kostnadsnøkkelen som blir brukt til å fordele om på rammetilskot mellom fylkeskommunane.
Eg vil understreke at kostnadsnøkkelen blir brukt til å fordele om på ei gitt ramme mellom fylkeskommunane. Ferjekriteriet er altså med på å bestemme den relative fordelinga mellom fylkeskommunane, men påverkar ikkje storleiken på beløpet som skal fordelast. Det inneber at eventuelle endringar i kriteriet kan gi fordelingsverknader mellom ferjefylka, men det vil ikkje påverke inntektene til ferjefylka samla sett.