Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:2190 (2021-2022)
Innlevert: 30.05.2022
Sendt: 30.05.2022
Besvart: 08.06.2022 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Når vil regjeringa sørge for at EU sin nye taksonomi for berekraftige bygg blir innført i Noreg, slik at vi kan få på plass klare og skjerpa definisjonar for kva som er «grøne bygg», og det blir mulig for norske finansinstitusjonar å få konkurransedyktige grøne rammevilkår med utanlandske aktørar?

Begrunnelse

EU sin taksonomi for berekraftige aktiviteter vart lagt fram av EU-kommisjonen i april 2021, og vart iverksett i EU i januar 2022. Norsk regelverk, standardar og definisjonar er på ei rekkje område ikkje i tråd med den nye taksonomien når det gjeld bygg og anlegg. Til dømes bereknar vi i Noreg i dag klimagassutsleppa frå eit bygg etter eit berekna livsløp på 50 år, medan det i EU sin nye taksonomi er lagt til grunn 60 års levetid på eit bygg.
Følgjene av at EU sin taksonomi for berekraftige bygg ikkje er innført i Noreg, er mellom anna at det pr. i dag ikkje er mulig å slå fast kva planlagde nybygg i Noreg som vil bli definert som grøne bygg etter EU sin taksonomi. Det legg avgrensingar på finansieringsløysingane for nye bygg, fordi finansieringsinstitusjonar i heile Europa frå no av vil rette mest mogleg av si finansiering inn mot prosjekt som oppfyller krava i EUs taksonomi med felles definerte krav til klima og berekraft.
Finans Norge, Grønn Byggallianse og Norsk Eiendom har i lengre tid pressa på for å få nødvendige avklaringar og opprydding i norsk regelverk for å sørge for at vi «heng med i svingane» i dei skjerpa berekraftskrava som no kjem for bygg gjennom EUs grøne taksonomi. I følgje nettstaden «Energi og Klima» 29. mai, kan Finansdepartementet enno ikkje svare på når dette vil bli rydda opp i. Dette er etter Venstres syn svært uheldig, både for norsk byggebransje, norske finansnæring og til sjuande og sist for norske bankkundar.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Svar

Trygve Slagsvold Vedum: Som Finansdepartementet har gjort greie for i Finansmarkedsmeldingen 2022 (Meld. St. 12 (2021–2022)), inneber gjennomføring av taksonomiregelverket i norsk rett nokre problemstillingar, som korleis norske aktørar skal anvende kriterium som viser til EU-regelverk som av ulike årsaker ikkje gjeld i Noreg. Klima- og miljødepartementet og Finansdepartementet kartla i samråd med andre departement i 2021 det første settet med taksonomikriterium for å identifisere manglande samsvar mellom kriteria og norsk regelverk og norske definisjonar.
Formålet med taksonomien er å vri kapitalen i ei meir berekraftig retning, og det er venta at systemet vil kunne ha ein positiv effekt på finansieringskostnadane til føretak som driv eller finansierer aktivitetar som er definert som berekraftige. Regjeringa arbeider med å få plass nødvendige definisjonar, slik at taksonomien kan være eit verktøy for norske føretak og bidra til betre tilgang på finansiering til dei som bygger, eig eller finansierer berekraftige bygg i Noreg. I taksonomikriteria for bygg visast det til regelverk og definisjonar som er Olje- og energidepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet sitt ansvar. Eg har difor lagt fram spørsmålet for olje- og energiministeren og kommunal- og distriktsministeren. Dei uttalar dette:

«EU sin taksonomi tek utgangspunkt i definisjonar i Bygningsenergidirektivet (2010/31/EU) for å sette kriterium for energibehovet til berekraftige bygg. Bygningsenergidirektivet vart innlemma i EØS-avtalen 29. april i år, med atterhald om samtykke frå Stortinget. Olje- og energidepartementet jobbar no med å førebu innlemminga av direktivet i norsk rett. I samband med taksonomien vert det arbeidd med definisjonar knytt til primærenergi og nesten-nullenergibygg, og Olje- og energidepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet jobbar parallelt med få på plass dette så fort som mogleg.»