Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:2225 (2021-2022)
Innlevert: 01.06.2022
Sendt: 02.06.2022
Besvart: 09.06.2022 av utenriksminister Anniken Huitfeldt

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Då utanriksminister Huitfeldt under ytringsfridomskonferansen WEXFO den 31. mai møtte kritikk for regjeringa sitt føreslåtte kutt i støtta til menneskerettsforkjemparar uttrykte ministeren at innsatsen for ytringsfridom samla sett er blitt større.
Kva postar viser utanriksministeren til som styrker arbeidet for ytringsfridom i regjeringa sitt forslag til revidert budsjett, og er utanriksministeren ueinig i analysen i regjeringa sitt forslag til revidert budsjett som slår fast at kuttet vil få konsekvensar for ytringsfridom?

Begrunnelse

Under Ytringsfridomskonferansen WEXFO den 31. mai 2022 vart regjeringa kritisera av leiaren av Amnesty International, Agnès Callamard, for å redusere støtta til menneskerettsarbeid og ytringsfridom. Bakgrunnen for kritikken var regjeringa sitt forslag til revidert budsjett der bistanden totalt kuttast med 4 mrd. og kapittel 152 Menneskerettar kuttast med 234 millionar kroner, noko som utgjer 27 prosent av bevillinga på dette kapitlet. I forslaget til revidert budsjett leggast det fast at "reduksjonen vil få konsekvensar for prioriterte område som ytringsfridom".
Utanriksministeren uttrykte overfor NRK same dag at ho var ueinig i påstanden om at Noreg ikkje prioriterer menneskerettar og viste til at menneskerettsstøtta over bistandsbudsjettet har auka betydeleg sidan 2010. Ministeren viste vidare til at det er ein post som er justert men at det samla sett er mykje større innsats for ytringsfridom no.

Anniken Huitfeldt (A)

Svar

Anniken Huitfeldt: Russland sin åtakskrig mot Ukraina fører med seg enorme behov for bistand på kort og lang sikt, både humanitært og til gjenoppbygging. I tillegg har krigen skapt ein flyktningkrise. Dette er ein spesiell og krevjande situasjon som krev ekstraordinære tiltak for å verne flyktningar frå Ukraina.
Som det har vore gjort tidlegare, vil enkelte av utgiftene til å støtte ukrainske flyktningar etter at dei kjem til Noreg, måtte dekkjast over bistandsbudsjettet. Framlegget til omprioriteringar i det reviderte budsjettet omfattar mange postar, mellom anna den målretta støtta til menneskerettar (kapittel 152 Menneskerettar, post 70 Menneskerettar).
Vi skal framleis bruke over ein halv milliard kroner på målretta menneskerettstiltak (535,5 millionar kroner etter kutt). Omprioriteringa vil likevel få konsekvensar for den finansielle støtta til menneskerettar, medrekna ytringsfridom. Eg forstår at dette kan opplevast som krevjande for partnarar som må tilpasse seg ein endra budsjettsituasjon. Samstundes har satsinga på det normative og politiske arbeidet med ytringsfridom høg prioritet, i tråd med den politiske plattforma til regjeringa.
Eit døme på at arbeidet vert styrkt gjennom oppfølginga av strategien for ytringsfridom i utanriks- og utviklingspolitikken, er at Noreg nyleg er vorten medlem i Media Freedom Coalition, eit samarbeid mellom over 50 land og sivilsamfunnet for å fremje pressefridom. Eit anna døme er innsatsen for auka vern av kunstnarar og ytringsfridommen deira gjennom UNESCO. Eit tredje døme er den løpande dialogen vi har med norske og internasjonale organisasjonar som får støtte frå UD til prioritert innsats retta mot journalistar og uavhengige medium i Ukraina og andre land der ytrings- og pressefridommen er under stort press.