Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2247 (2021-2022)
Innlevert: 03.06.2022
Sendt: 03.06.2022
Besvart: 10.06.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Når vil Vestland Fylke og Stord kommune kunne forvente svar på brev om innlemming av Stord-ruta i FOT rutenettet, sendt departementet 25.03.22?

Begrunnelse

I søknaden vert det bede om å få Stord-ruta innlemma i FOT-rutenettet allereie frå mai d.å. Ettersom vi no skriv juni, er denne fristen overskride, men problemstillinga er like fult gjeldande. I desse dagar handsamar Stord Kommune og Vestland Fylke søknad frå Lufthamnselskapet om tilskot, og det er sjølvsagt avgjerande for handsaming av denne saka at ein har tryggleik for at det går fly.
Flyplassen og Oslo-ruta er, som det står i søknaden, viktig for det regionale næringslivet med Aker Solutions i spissen.
Lufthamna er viktig for beredskapen i regionen og er ofte besøkt av redningshelikopter og ambulansefly. I oktober i 2020 vart lufthamna nytta som helikopterbase for offshoretrafikk til plattformene i Nordsjøen grunna vektarstreik på Bergen lufthavn, Flesland. Stord lufthamn avlastar Bergen lufthamn med treningsflyging av fly og helikopter. Utan ei Oslorute med minst 12 rundturar pr. veke er Stord lufthamn si framtid sterkt truga.
Kabinfaktoren på Osloruta ligg no på 55 %, men det vil enno gå noko tid før ruta igjen kan drivast på kommersiell basis. For å unngå nye stopp i flytrafikken samt permittering av tilsette må Oslo-ruta snarast inkluderast i statens FOT-ruter.
Me har merka oss at rutene på strekninga Stokmarknes-Bodø, Stokmarknes-Tromsø, Ørsta-Volda-Oslo og Florø-Oslo som Widerøe tidlegare flaug på kommersiell basis no er tekne inn som statlege FOT-ruter frå 1. oktober 2021 og vet vil vera naturleg at Stord vert innlemma på samme måte.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Svarbrevet til Stord kommune vart ekspedert 8. juni 2022.
Ei eventuell utviding av FOT-ruteordninga er naturleg å vurdere ved rullering av kontraktane for dei ordinære kjøpsrutene. Neste rullering av kontraktane for ordninga med statlege kjøp av flytenester, dei såkalla FOT-rutene, skjer frå 1. april 2024. I samband med dette gjennomførast det no ei høyring, der det er høve til å kome med innspel om ruter ein meiner bør vere ein del av FOT-ordninga. Det er sendt eit høyringsbrev til dei aktuelle fylkeskommunane, som er bede om å hente inn synspunkt og vurderingar frå kommunane i lufthamnenes nedslagsfelt. Høyringsfristen er 27. juni 2022.