Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2321 (2021-2022) Innlevert: 13.06.2022 Sendt: 13.06.2022 Besvart: 20.06.2022 av barne- og familieminister Kjersti Toppe
Marian Hussein (SV): Bufdir tildeler tilskudd til inkludering av barn og unge, som kommuner og bydeler kan søke på. I tildelingen fra 2022, har bydeler øst i Oslo fått en kraftig reduksjon i tildelinger. Alle Groruddalens bydeler har fått betydelig mindre tildelinger enn i fjor.Hvor mye har bydelene Bjerke, Alna, Grorud, og Stovner fått redusert støtten fra i fjor, og mener statsråden at kuttet i disse barn- og ungdomstiltakene i Oslo Øst som i stor grad treffer barn i lavinntektsfamilier er riktig for å få ned forskjellene?
Kjersti Toppe: Frå 1. januar 2022 blei tilskotsordningane Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge, Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn og Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom slått saman til éi tilskotsordning. Samanslåinga er i tråd med tilrådingane frå Fafos evaluering av Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge frå 2018, og i høyringa av forskriften ga høyringsinstansane brei støtte til hovudelementa i ordninga. Målet med den nye tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha høve til meistring og deltaking i samfunnet, og målgruppa er barn og unge opp til 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) forvaltar ordninga. I fordelinga av midlane tek direktoratet omsyn til talet barn og unge i kommunane/bydelane og ulike indikatorar for utenforskap. Tilskotet blir og fordelt mellom ulike aktivitetstypar og aktørar, og med geografisk spreiing. Til saman mottek dei fire austlege bydelane i Oslo om lag 5,7 mill. kroner (30 prosent) mindre i tilskot i 2022 samanlikna med 2021. Forskjellane i tildelt beløp er størst i Grorud og Bjerke bydel. Dei viktigaste årsakene til dette er at den nye ordninga inneber at alle kommunar og bydelar i Oslo no kan søkje om alle dei ulike aktivitetstypane, at dei austlege bydelane tidlegare har fått meir i tilskot enn låginntektstala i bydelane skulle tilseie, samt at oversøkinga på ordninga var mykje større i år samanlikna med i fjor. Forskrifta legg også noko meir vekt på talet barn og unge i kommunane enn tidlegare. I fordelinga av midlane legg Bufdir likevel fortsett betydeleg vekt på talet barn og unge i familiar med vedvarande låg inntekt, og bydelane i Oslo mottek meir per barn enn landsgjennomsnittet. Oslo kommune er tildelt 276 kroner per barn, mot eit landsgjennomsnitt på 217 kroner per barn. Bydel Alna er tildelt 304 kroner per barn, Grorud 313 kroner per barn, Stovner 362 kroner per barn og Bjerke 287 kroner per barn. Samstundes som dei austlege bydelane fortsett kjem godt ut av ordninga, inneber den nye forskrifta at andre kommunar med høge låginntektstal har fått meir i tilskot i 2022 samanlikna med 2021. Eksempel på slike kommunar er Sarpsborg, Fredrikstad, Bergen og Kristiansand. I 2022 er tilskotsordninga styrkt med totalt 85 mill. kroner, til totalt 555 mill. kroner. I revidert nasjonalbudsjett vedtok Stortinget etter forslag frå regjeringa å auke løyvinga på ordninga med ytterlegere 10 mill. kroner for å styrkje utstyrssentralar som har søkt om tilskot gjennom ordninga. Denne auken vil også kunne kome dei austlege bydelane i Oslo til gode.Samanslåinga av ordningane har bakgrunn i eit mål om å forenkle og effektivisere statlege tilskot med overlappande målgrupper, og å gi kommunane auka handlingsrom til å vurdere kva for tiltak og tilbod retta mot utsette barn og unge det er størst behov for lokalt, og sjå desse tiltaka i samanheng. Bufdir har fått fleire positive tilbakemeldingar frå kommunar som er fornøgde med den nye ordninga. Samstundes er eg oppteken av at ordninga er treffsikker og har høg måloppnåing over tid. Eg vil derfor følgje med på effektar av den nye ordninga og vurdere eventuelle endringar i forskrifta på bakgrunn av dette.