Sveinung Rotevatn (V): Kan finansministeren gi ei oversikt over samla auke eller reduksjon i klima- og miljøinnsatsen i framlegget til revidert nasjonalbudsjett etter budsjettavtalen med Sosialistisk Venstreparti?
Begrunnelse
Eg viser til mitt førre skriftlege spørsmål om same tema (Dokument nr. 15:2047 (2021-2022)), og ber om ei tilsvarande oppstilling basert på budsjettsemja på Stortinget mellom regjeringspartia og Sosialistisk Venstreparti. Eg ber om at støtte til kollektivtrafikk blir inkludert i svaret, dersom det ikkje er inkludert i metoden som er brukt i kap. 17 i KLDs prop. 1 s for 2022.