Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2389 (2021-2022)
Innlevert: 18.06.2022
Sendt: 20.06.2022
Besvart: 24.06.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Mener kommunalministeren at det å endre planområdet (dele planen) er en så stor endring av planen midt i planprosessen som burde medført ny høring slik at Statens vegvesen kunne fremmet innsigelse mot planen med basis i nasjonale interesser?

Begrunnelse

Statens vegvesen skriver i et brev til Bergen kommune 10. juni dette:
Et planforslag med delt løsning, hvor den sørlige delen utgår, har ikke blitt forelagt Statens vegvesen i forkant av byrådets vedtak. Vi har derfor ikke på noe tidspunkt i prosessen hatt grunnlag eller anledning til å fremme innsigelse mot forslaget som er i stor konflikt med nasjonale interesser for riksvegen.
FrP har hele tiden vært tilhenger av en helhetlig utbygging og planlegging av ringveiøst og reagerer på lik linje med Statens vegvesen på Bergen sitt byråd sin planprosess.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Eg legg til grunn at spørsmålet gjeld Kommunedelplan E16/E39 Arna-Vågsbotn-Klauvaneset (Ringveg Aust), som blei behandla i Bergen bystyre 22. juni. Statens vegvesen har i det omtala brevet til Bergen kommune 10. juni peika på at dei er usamde i innstillinga frå byrådet til bystyret om berre å vedta traseen for strekninga Vågsbotn - Klauvaneset, i staden for heile strekninga. Vegvesenet skriv at dei ikkje har hatt moglegheit til å fremje motsegn til forslaget om deling av planområdet, fordi dette alternativet ikkje var omtalt då planforslaget var på høyring og til offentleg ettersyn. Dersom deling av planområdet hadde vore eit alternativ, ville vegvesenet fremja motsegn med grunnlag i at det er viktig å få vedteke trase for E39 6g for strekninga Arna - Vågsbotn.
Det er kommunen som er planstyresmakt, og som avgjer om planen skal vedtakast eller ikkje. Det er 6g opp til kommunen å vurdere om det er mogleg å vedta berre delar av planen. Formelt er det ikkje hinder for at kommunen kan vedta ein kommunedelplan for delar av ei vegstrekning, utan å sende planen på ny høyring. Ein føresetnad bør vere at den vedtekne strekninga kan byggast som ein sjølvstendig parsell.
Eg vil ikkje gå nærare inn i vurderingane knytt til dei ulike alternativa som har vore vurdert i saka, då dette ikkje er ei sak som er til handsaming i departementet.