Birgit Oline Kjerstad (SV): Regjeringa har høge ambisjonar for norsk maritim industri. Likevel går det eine etter det andre offentlege nybyggingsprosjektet til utanlandske verft delvis finansiert av norske garantimidlar.
Kva vil regjeringa gjere for å utnytte handlingsrommet i EØS avtalen og for å gi norske nybyggingsverft konkurransevilkår som gjer det mogleg å kunne nå opp i konkurransen om strategisk viktige utviklingsprosjekt?
Begrunnelse
Regjeringa har annonsert at grøn skipsfart skal vere eit sentralt satsingsområde for eksport frå norsk industri. Vi står i starten på ein maritim æra der det skal utviklast nye lav og nullutsleppsfarty samt autonome skip. Den internasjonale konkurransen om prosjekta er imidlertid knallhard, og Norge er i ferd med å sakke etter. Havforskningsinstituttet sitt nye forskningsfarty gjekk til Nederland og stadig fleire oppdrag går til utanlandske verft fordi det er litt dyrare å bygge i Norge. Til dømes er ingen av dei siste elektriske ferjene bygde ved norske verft. Det er slike mindre farty Norske verft er rigga for å bygge, ikkje dei største skipa.
Norske verft ynskjer gode arbeidsvilkår for arbeidarane og strenge miljøkrav frå styresmaktene, men rapporterer at dei slit med å greie å konkurrere med utanlandske verft når pris vert vektlagt meir enn miljøkrav og arbeidsvilkår i offentlege anbud. Difor er det heilt nødvendig at Statens Vegvesen som no skal utforme anbud for nye autonome ferjer over Sognefjorden, ikkje utformar anbudet slik at pris trumfer kvalitet og miljøkrav. Dette utviklingsprosjektet er strategisk viktig for norsk maritim industri, og her bør regjeringa gjere sin del av tilrettelegginga for industrien og Norsk verdiskaping.
Utan utviklingsoppdrag er det umogleg for maritim Industri å spele den sentrale rolla i eksportstrategien som regjeringa ynskjer. Regjeringa må bidra med det den kan gjere for å sikre Maritim Industri utviklingsmuligheiter. Det trengst mellom anna finansgarantier for nybyggingsverfta for nasjonale oppdrag, og ikkje berre eksportoppdrag, dette fordi heimemarknaden er viktig for å ligge i front på utviklinga. Industrialisering og reduksjon av kostnader er nødvendig fordi rederia ikkje greier å rekne heim kostnadsgapet etter støtte til utsleppsfrie skip. EU støtter ekstra kostander med 70 % + 10 % , men i Norge vert støtta avgrensa til 50 % for bygging av båtar som er planlagt for drift med hydrogen og ammoniakk. Konkurransevilkåra må difor styrkast og vere på høgde med det som er andre EU land. I ein svært usikker økonomisk situasjon etter fleire større omstillingar må det risikoavlasting til om norsk maritim Industri skal ligge i front og utvikle dei nye fartya.