Birgit Oline Kjerstad (SV): Forskarar rapporterer at situasjonen for sjøfugl er kritisk, men handlingsplanen for sjøfugl som Stortinget bestilte i 2016 er i fylgje Miljødirektoratet ikkje venta før tidlegast 2024.
Kva konkret tiltak vil regjeringa sette i verk for å ivarta sjøfugl i samband med planlegging av ny næringsaktivitet til havs som havvind, havbruk og olje og gassutvinning i SVO områder før den varsla handlingsplanen er klar?
Begrunnelse
I samband med Stortingsmelding 14 (2015–2016) Natur for livet, norsk handlingsplan for naturmangfald gjorde Stortinget fylgjande vedtak:
Stortinget ber regjeringen utarbeide en handlingsplan for å bedre situasjonen for sjøfugler. I handlingsplanen må det gjøres en vurdering av hvilke øvrige sjøfugler som bør få status som prioritert art.
Det har no gått seks år sidan Stortinget ba regjeringa om å utarbeide ein handlingsplan for sjøfugl utan at denne har vorte framlagt for Stortinget. I denne tida har det gått frå vondt til verre for mange sjøfuglartar utan at det har fått fart på handlingsplanen. I fylgje NINA har 80 % av norske sjøfuglar forsvunne frå norske fuglefjell siste 50-åra. 60 % av norske sjøfuglar er i dag på den norske lista over trua artar. Det som skjer med sjøfuglane er ei stor pågånade miljøkatastrofe som treng handling.
Arbeiderpartiet var med på fleire vedtak som skulle sikre sårbar og verdifull marin natur og i samband med handsaminga av Stortingsmelding 29 (2020–2021). Heilskapeleg og nasjonal plan for bevaring av viktig marin natur.
Situasjonen er kritisk for norske sjøfuglar blir det slått fast i Dagsavisa sitt oppslag 20. juni 2022. Der er forvaltningsplanen for sjøfugl tema. I fylgje avisa har polarlomvi gått frå å vere sterkt trua til kritisk trua i åra 2015 – 2021. I same perioden har Lundefugl gått frå å vere sårbar til sterkt trua, Ærfugl frå nær trua til sårbar, gråmåke og storskarv frå livskraftig til nær trua og for artar som har fått statusverdi uendra er realiteten ein bestandsnedgang.
No opplyser Miljødirektoratet at Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM) skal kome med sin rapport om mulige tiltak, verknader og kostnader av desse først i desember 2023. Handlingsplanen for sjøfugl kan tidlegast vere klar i 2024. Av oppdraget Miljødirektoratet har gitt VKM går det fram at denne skal overvake 14 artar og målet skal vere å bedre tilstanden med eitt nivå for desse artane i den norske raudlista eller minst oppretthalde noverande status. Altså stanse bastandsnedgangen.