Alfred Jens Bjørlo (V): Meiner statsråden at framlegget om avvikling av fritt behandlingsval er godt nok utgreia i tråd med Utgreiingsinstruksen, både med tanke på konsekvensane for næringslivet og ikkje minst for tilbodet til pasientane?
Begrunnelse
Helse- og omsorgsdepartementet har sendt ut på høyring framlegg om å avvikle godkjenningsordninga i fritt behandlingsval. Det er tatt sikte på avvikling 1. januar 2023, men med overgangsordningar til 1. juli 2023 for pasienter under behandling. Forslaget inneber at private leverandørar ikkje lenger vil få godkjenning for å levere spesialisthelsetenester mot betaling frå staten. I tillegg ligg det i framlegget at retten fell bort sjølv om godkjenningsperioden ikkje har utløpt.
Når noko skal endrast er det vanlig at ein kan gje ei god, objektiv grunngjeving for kvifor noko må endrast og følgjene av endringane, av kva som er problemet og kva som er målet. Måla må vi kunne vente er betre tenester for pasientane, men også føreseielege rammevilkår for private aktørar. Det er uklart kva departementet ønskjer å oppnå med å fjerne godkjenningsordninga.
I høyringsnotatet blir det synt til ei evaluering av fritt behandlingsval der det blir konkludert med at fritt behandlingsval bør reviderast. Det synes likevel ikkje som om departementet har drøfta tilrådingane i evalueringa og vurdert om desse kan løyse utfordringane med dagens ordning. Det er heller ikkje skrive noko om nullalternativet, dvs. forventa utvikling dersom det ikkje blir innført tiltak. Det er etter spørsmålsstillar sitt syn vesentleg å ha noko å samanlikne med, og å vite noko om følgjene både for pasientane og næringa før ein endrar praksis.
Det er god grunn til å tru at avviklinga vil få store økonomiske følgjer for mange verksemder, samt gå ut over pasientbehandlinga, særleg på grunn av det raske tempoet i avviklinga. Det er lite eller ingenting å finne i høyringa om kva vurderingar departementet har gjort om økonomiske og andre følgjer forslaget vil medføre, t.d. omlegging av drifta, oppseiingar, nedleggingar, følgjer for små tilbydarar, samt korleis avvikling påvirkar behandling negativt og dermed går utover pasientane.
Utgreiingsinstruksen krev at statlege beslutningar er velbegrunna og gjennomtenkte, for å unngå uønska verknader og sløsing med samfunnet sine ressursar. Dei endringene det blir gjort framlegg om i høyringsbrevet, tilseier ei langt grundigare utgreiing.