Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren vise til kva lovverk som opnar opp for den ekstreme auken i bompengeinkrevjing som er tenkt gjennomført i Oslo for finansiering av Fornebubanen, og korleis dette henger i hop med at det skal vere samanheng mellom bruks og direkte nytte for bilistane, transportnæringa og næringslivet ellers for ei Fornebubane som er tenkt finansiert av alt anna enn kollektivbrukarane?
Begrunnelse
Fornebubanen er vedteke bygd av fleirtalet som styrer i Oslo.
MDG som har samferdselsbyråd og resten av "raudingane" er himla opptatt av miljø og klima. Bilistane skal tydelegvis betale for dei skyhøge overskridingane, då eg registrerar at statsråden uttaler at staten ikkje gjev ei einaste krone ekstra til prosjektet.
Bompengetakstane er tenkt auka kraftig, og dette for områder bilistane, næringslivet i heile området og i resten av landet verken får bruke, eller har direkte nytte av.
Det har i lang tid vore eit klart prinsipp om at den som betalar bompengar skal ha direkte nytte av tiltaket.