Alfred Jens Bjørlo (V): Vil regjeringa ta initiativ til at ENOVA raskast råd gjer det lettare for folk å få tilskot til å gjennomføre enkle og effektive energisparetiltak i eigen heim også når dei legg ned stor eigeninnsats og har kompetanse til dette, slik at det kan få effekt i form av sparte kostnader for flest mogleg hushaldningar og redusert energibruk i det norske straumnettet i tide til komande vinter?
Begrunnelse
Det ligg eit stort potensiale i å spare straum ved å gjennomføre ENØK-tiltak i eksisterande bustader. Stortinget har sett eit mål om å spare 10TWh innan 2030 gjennom ENØK-tiltak. Det vil bety mykje både for kapasiteten i straumnettet, og for økonomien i mange hushaldningar.
Dagens reglar for støtte til ENØK-tiltak gjennom ENOVA, set krav om å bruke profesjonelle firma til hovuddelen av arbeidet med ENØK-tiltak i eigen heim – uansett kva type tiltak det er snakk om, og uansett kva kompetanse og kunnskaper huseigar sjølv måtte ha. Private hushaldningar betaler kvart år inn til saman ca. 400 millioner kroner til Energifondet, som forvaltast av Enova. I 2021 gjekk berre 300 millioner kroner ut igjen frå fondet til tiltak i private hushaldningar, mellom anna på grunn av dei sterke begrensingane som er sett i vilkåra til å få tilskot.
Ein samla energi- og miljøkomité på Stortinget uttalte i samband med handsaminga av energimeldinga i vår at «..vanlige folk skal kunne gjennomføre fornuftige tiltak i eget hjem» og at «..det bør vurderes om det kan legges bedre til rette for at flere kan gjøre mer selv, som det i dag er krav om fagkompetanse for å gjennomføre».
Vi er no i ein situasjon der alt tyder på at det framleis vil vere relativt høge energiprisar i fleire år framover, og aukande press på kapasiteten i det norske straumnettet. Dess raskare vi kan få gjennomført gode og fornuftige ENØK-tiltak i så stort omfang som mogleg, dess raskare kan vi avhjelpe denne situasjonen både for den enkelte hushaldning og for samfunnets samla energibehov til rask elektrifisering og kutt i bruk av fossil energi.
Når først desse signala er gitt så tydeleg av Stortinget, er det sterkt ønskjeleg at ENOVA raskt justerer sine reglar slik at fleire kan få støtte til gjennomføring av enkle ENØK-tiltak i eigen heim allereie hausten 2022. Då kan tiltaka få effekt i tide til vinteren 2022/23. Eg vil difor sterkt oppmode Olje- og energiministeren til å gi nødvendige signal til ENOVA om å lempe på dagens strenge begrensingar for støtte til ENØK-tiltak i eigen heim, slik at vi får tatt ut så mykje av ENØK-potensialet som mulig i tide til komande vinter.