Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselministeren leggje fram ei oversikt over auken i driftskostnadane for ferjedrifta i heile landet så langt i 2022 målt mot 2021 og 2020 nivå, med bakgrunn i dei skyhøge gass, drivstoff og straumprisane, gjeldande for alle riks og fylkesvegferjer?
Begrunnelse
Ferjedrifta i Norge er i hovudsak drevet med diesel, gass og elektrisk drift. Mange ferjer har kombinasjonar av dette. Med skyhøge gass, drivstoffprisar og straumprisar, har nok dette også påverka driftskostnadane til ferjene i heile landet.
Regjeringa varsla at ein del ferjestrekningar skulle bli gratis, og ein skulle også kutte ferjebilettane i alle ferjesamband. Kostnadane med dette vart ganske sikkert rekna ut frå heilt andre driftsutgifter enn realiteten pr. i dag, og som også like sikkert vil kunne få konsekvensar budsjettmessig.