Alfred Jens Bjørlo (V): Kva konkret meiner statsråden har endra seg som tilseier at det no er riktig å innføre ei ordning med straumstøtte til særleg utsette små og mellomstore bedrifter, når regjeringa gang på gang i vinter og vår har stemt mot Venstre sine framlegg om dette og heller ikkje tatt initiativ til å utgreie mulig innretning av ei støtteordning for særleg utsett næringsliv før no?
Begrunnelse
Gang på gang har statsråden i debattar i Stortinget sagt at regjeringa følgjer situasjonen tett for norsk næringsliv og behov for ei eventuell straumstøtte for særleg utsatte bedrifter. Mellom anna etterlyste underteikna ei slik ordning allereie 3. februar i år, utan å få anna svar enn at regjeringa «følger situasjonen tett».
Samtidig har straumprisen vore svært høg i snart eitt år, og regjeringa har stemt ned fleire forslag om støtteordningar for særleg utsette deler av næringslivet, som små- og mellomstore bedrifter i område med svært høge prisar. Det har også i mange månader vore klart at straumprisen etter all sannsynlegheit vil vere høg utover hausten – utan at regjeringa har tatt initiativ til å utgreie ei ordning med straumstøtte for utsette bedrifter før dei aller siste dagane.
Det er difor betimeleg å spørje statsråden kva han konkret meiner har endra seg ved situasjonen dei siste dagane som tilseier at det er riktig å innføre straumstøtteordningar for små og mellomstore bedrifter akkurat no, når regjeringa gang på gang har stemt ned tilsvarande forslag frå Venstre og andre parti i opposisjonen, seinast i handsaminga av revidert nasjonalbudsjett før sommaren.