Ingrid Fiskaa (SV): Dei israelske rakettangrepa på Gaza sist veke førte til 47 drepne palestinarar, av dei 16 born. Eit slikt folkerettsstridig åtak på sivile må få følgjer, og det må bli slutt på straffefridomen.
Vil utanriksministeren fordømma dei israelske angrepa og ta til orde for at Tryggingsrådet i FN må støtta opp om etterforskingane leia av Den internasjonale straffedomstolen?
Begrunnelse
Fyrste veka i august sendte israelske styresmakter rakettar inn i Gaza med grunngjeving i å forhindra eit forventa angrep frå Islamsk Jihad. 47 palestinarar vart drepne og 16 av desse var born. Åtaket var eit klart brot på folkeretten og Noreg må fordømma det. Etter det fyrste angrepet svara Islamsk Jihad med å senda ei rekkje rakettar inn i Israel. Ingen israelarar mista livet.
Sundag 7. august lukkast Egypt i å moderere forhandlingar og ei våpenkvile vart inngått. Eit av vilkåra var at Israel skulle frigjera ein Islamsk Jihad-fange, men dei har no gått tilbake på dette. Våpenkvila er med andre ord skjør. Noreg må gjera alt me kan for å forhindra at konflikten eskalerer slik han gjorde i 2021.
I fjor starta Den internasjonale straffedomstolen (ICC) eit omfattande etterforskingsarbeid av påståtte israelske krigsbrotsverk i palestinske område. Etterforskinga er eit gjennombrot og ein svært viktig prosess for å få bukt med den systematiske straffefridomen i regionen. Prosessen er imidlertid blokkert av israelske styresmakter som nektar domstolen innsyn. Som medlem av ICC må Noreg støtta opp om prosessen. Noreg kan påverka Tryggingsrådet til å pålegga israelske styresmakter å gi ICC innsynsrett.