Skriftlig spørsmål fra Kirsti Bergstø (SV) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2646 (2021-2022)
Innlevert: 15.08.2022
Sendt: 15.08.2022
Besvart: 25.08.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Kirsti Bergstø (SV)

Spørsmål

Kirsti Bergstø (SV): Er det mulig å identifisere og informere de som kan ha har krav på, men ikke har søkt bostøtte, og hvis ikke, hva skal til for å få varslet folk i denne gruppen om at de kan søke?

Begrunnelse

SSB rapporterte i 2019 at "betydelige grupper" som hadde krav på bostøtte fra Husbanken ikke søkte om det. Dagbladet skrev 15.08.2022 om at "tusenvis" kan ha krav på bostøtte uten å vite om det.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Bustøtta skal sikre personar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad. Ordninga er ein rett for dei som fyller vilkåra i lov og forskrift om bustøtte. Vilkåra inneber mellom anna at husstanden har tilstrekkeleg høge buutgifter i høve til inntekta.
Både buutgiftene i seg sjølv, og ein del andre opplysingar som er naudsynte i utrekninga av bustøtte, dokumenterer søkjaren gjennom søknaden. Det er vanskeleg å finne fram til dei som har krav på bustøtte dersom dei ikkje søkjer. Buutgifter finst ikkje samla i noko register.
Inntektsopplysingar frå arbeidsgjevarar og andre vert samla kvar månad gjennom a-ordninga, men desse opplysingane er ikkje tilgjengelege for Husbanken, anna enn for personar i husstandar som allereie har søkt bustøtte. I staden for å leite opp moglege bustøttesøkjarar og informere dei direkte, informerer både Husbanken og kommunane breitt og gjennom kanalar som kan treffe aktuelle grupper. Mange gjer eit godt informasjonsarbeid i dag, men nokre har òg rom for å bli betre. Husbanken vil i haust ha en dialog med fleire kommunar om korleis forbetre bustøttearbeidet, og der eitt tema er korleis dei gjer ordninga kjent for innbyggjarane og kva Husbanken kan bidra med.