Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:2688 (2021-2022)
Innlevert: 22.08.2022
Sendt: 22.08.2022
Besvart: 29.08.2022 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Dagens Næringsliv har avdekka at det særnorske unntaket frå det europeiske hamneforbodet for russiske skip, gjer at McDonalds og andre kjøparar av fisk kan handle fisk frå russiske oligarkar i norske hamner og ta dette vidare ut til heile Europa – samtidig som inntektene går inn i den russiske økonomien og gjer det mogleg for Putins regime å halde fram krigføringa i Ukraina.
Vil regjeringa ta initiativ til å tette dette særnorske smuttholet for den russiske krigsøkonomien etter det som no har blitt offentleg kjent?

Bjørnar Skjæran (A)

Svar

Bjørnar Skjæran: Norge har slutta opp om dei restriktive tiltaka frå EU mot Russland, med nokre nasjonale tilpassingar. Tiltaka er ein nødvendig reaksjon på den brutale og uprovoserte angrepskrigen Russland fører mot Ukraina. Det er viktig at allierte og nærståande land står saman.
Det norske regelverket er utforma basert på prinsippa om at det skal vere føreseieleg, tilpassa brukarane og vere klart. Vi har også gjort unntak for fiskefartøy, fordi vi vil hegne om ei berekraftig fiskeriforvalting i Barentshavet.
Russisk fisk er ikkje underlagt eit generelt importforbod verken i EU eller i Norge. Vidare følgjer det både av regelverket i EU og Norge at russiske fartøy under 500 bruttotonn i internasjonal kommersiell fart kan gå til hamn og levere fisk. Større fartøy kan søkje om særskild løyve til å gå til hamn dersom det er naudsynt for nærmare positivt angitte formål, bl.a. import av matvarer. Medlemsstatane i EU kan derfor gi dispensasjon frå hamneforbodet for russisk-flagga fartøy som fraktar fisk i EU. Etter det vi er kjende med vert det gitt slike dispensasjonar. Dette inneber at det ikkje er det norske unntaket for fiskefartøy som aleine gjer at sjømat med russisk opphav kjem til den europeiske marknaden.
Unntaket for russiske fiskefartøy frå hamneforbodet inneber ikkje eit unntak frå andre delar av sanksjonsregelverket, medrekna forbodet mot å stille pengar eller formuesgode til rådvelde for listeførte personar og einingar. Når det gjeld sanksjonar mot personar og selskap, har EU utarbeidd ei liste, der over 80 selskap og 1100 juridiske personar er oppførte. Noreg har implementert EU si sanksjonsliste over listeførte selskap og personar.
Frå norsk side har vi stansa det meste av bilateralt samarbeid med russiske styresmakter, med nokre viktige unntak. Det geografiske naboskapet med Russland krev noko kontakt og dialog, også i denne situasjonen. Som nemnt er blant anna fiskerisamarbeidet med Russland vidareført. Det inkluderer også fiskeriforskingssamarbeidet.
Forvaltingssamarbeidet, medrekna forsking, regulering og kontroll, er berande element for ei forsvarleg og berekraftig forvalting. Utan samarbeid om forvalting, forsking og kontroll er det ein risiko for at ein bestand blir fiska ned. Det kan skade den viktige torskebestanden i Barentshavet, og det er ein risiko for at det oppstår uvisse følgjer for økosystema.
Ei berekraftig forvalting krev derfor samarbeid. Det står vi framleis ved. I europeisk samanheng har Norge ein unik geografi, som føreset felles forvalting saman med Russland av den viktige torskebestanden i Barentshavet. Vi ønskjer ikkje å treffe avgjerder som set stabiliteten i nord og samarbeidet om den berekraftige forvaltinga i fare.