Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren legge fram ei oversikt over trebruer her til lands, bygd når, kvar og av kven?
Begrunnelse
Det har vore stor nasjonal merksemd ikring trebrua på Tretten som braut fullstendig ihop for kort tid sidan.
Ein kan verkeleg lure på kva tankar dei har gjort seg dei som har funne på å bygge bruer i tre, eit levande materiale som overhode ikkje verken skal eller må brukast til slike konstruksjonar når der finnast langt betre alternativ.
Det har i mange hundre år vorte bygd bruer her til lands, men ingen av våre forfedrer har vore så lite klok at dei har bygd bruer i tre. Dette er nok grunnen til at mange bruer i Norge har stått trygt i over 100 år, medan at vi no ser moderne fancy "miljøbruer" av tre bryte ihop før dei har bikkar 10 års alderen.