Liv Kari Eskeland (H): Kva retningslinjer har ferjeselskapa fått for å varsle passasjerar om farleg last som inneber avgrensa kapasitet på ferja, og har dei oppfordring om å varsle så tidleg som mogleg eller innanfor ein gitt frist før avgang?
Begrunnelse
Frakt av farleg last på ferjer medfører avgrensing i kor mange passasjerar ei ferje kan ta med. Ferjeselskapa tilbyr varsel om ruteavvik slik at ein kan abonnere på avviksmeldingar for relevante samband. I teorien vil det kunne opne for at ein kan planlegge rundt ruteavvika og dermed sikre mindre frustrasjon blant dei reisande.
Når varsla kjem ein halvtime før avgangen, og ofte endå seinare, blir det likevel umogleg å tilpasse reisa si. Ein er som regel på veg til ferja når varselet kjem.
E39 Halhjem-Sandvikvåg er det tredje mest trafikkerte ferjesambandet i Noreg. Ferjene som betener sambandet tar normalt 550 passasjerar og 180 køyretøy. Frakt av farleg last medfører ei avgrensing til 12 passasjerar. Meldingar om avvik grunna farleg last kjem ofte fleire gangar i veka. Sidan kapasiteten blir såpass avgrensa mykje, betyr det som regel at neste ferje òg blir full slik at ein må vente endå lenger.
Nokre døme på meldingar om ruteavvik på Fergesambandet E39 Halhjem-Sandvikvåg, med tidspunkt for mottatt varsel:
8. august kl. 17:00 – varsel om at avgangen 17:30 er med farleg last og at kapasiteten dermed er avgrensa til 12 passasjerar.
2. august kl. 00:22 – varsel om at avgangen 00:50 er med farleg last og at kapasiteten dermed er avgrensa til 12 passasjerar (neste ferje er 01:40).
30 juni kl. 18:26 – varsel om at avgangen 18:50 ikkje tar bilar, berre 12 passasjerar grunna farleg last.
30. juni kl. 17:42 – varsel om at avgangen kl. 17:30 er kansellert.
9. juni kl. 21:18 – varsel om at avgangen kl. 21:30 har avgrensa plass til 12 stk.
Kva tankar gjer statsråden seg rundt systemet for varsling av avvik.