Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2733 (2021-2022)
Innlevert: 26.08.2022
Sendt: 26.08.2022
Besvart: 05.09.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Kva vil departementet foreta seg etter at SVV har merka E6 langs rasutsette Langnesberga med «kode rød», og kor mykje pengar vil ein bruke på forsterka patruljering og midlertidige tiltak inntil endeleg tiltaksplan ligg føre, og er statsråden fornøgd med fremdriften på arbeida med fagleg rapport og skredførebygging?

Begrunnelse

Den rasutsette strekninga på E6 forbi Langnesberga har no havna på Statens vegvesen si liste som definerer høgt rasutsette vegstrekningar. Dette er etter fleire ras det siste halve året. I tillegg er det konstatert at sjølve vegfyllinga har stort risikopotensiale for utgliding av vegfylling på grunn av stor sjøgang i Snåsavatnet som følje av sterk vind. Geologar stadfestar at det er sannsynleg at nye ras vil skje.
Det hastar med å setje i verk tiltak, men det går seint å få avklaring på tilfredsstillande sikring og val av permanent løysing. Vi erfarer no at det vert jobba med ein skredfagleg rapport som vil kome til hausten, der det vert vurdert overvaking av store steinblokker som ligg i fjellsida over E6. Likevel er det krevjande å vite at ein vel å bruke myke midlar på overvaking som kunne vore nytta på reelle tiltak.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Statens vegvesen har auka skredfaktoren på E6 langs Langnesberga frå moderat (3,17) til høg (4,52) etter fleire hendingar dei siste åra. Ein har utført fleire sikringstiltak på enkeltpunkt på strekninga, i tillegg til tiltak på Vegset etter utgliding. Det er og utført skogrydding på kritiske punkt på toppen av bergskjeringar (opptil 150 meters høgde) og bergsikring i bergskjeringar på strekninga med boltar, reinsking og erosjonsnett. Statens vegvesen har overvaking av sig i vegfylling og har kartlagt sjøbotnen inntil vegfyllinga for å kunne avdekkje undersjøiske skred. Geologane i Statens vegvesen utarbeider ein skredfagleg rapport for heile strekninga som skal vere ferdig i oktober i år. Vidare tiltak kan tidlegast utførast sommaren 2023, då dette ikkje er mogleg å gjennomføre på vinteren.
Det langsiktige tiltaket for å sikre strekninga er tunnel. Tunnelløysinga inngår i reguleringsplan som vart vedtatt i 2016. Prosjektet var inne i NTP 2014-2023 og i 2018-2029, men er ikkje omtala i NTP 2022-2033, da ny NTP berre omtalar store prosjekt som startar opp i første seks års periode. Førebels anslag for kostnader for tunnelprosjekt er etter ei enkel kostnadsvurdering ca. 600 mill. kr, nytt anslag kan bli utført i løpet av hausten når naudsynte grunnundersøkingar ligg føre. For tiltak av denne storleiken skal Statens vegvesen sjølv prioritere om og når det skal settast i gang. Dette vurderer dei ut frå fleire omsyn, blant anna skredfaktor og budsjettrammer. Vidare vil skredfagleg rapport saman med grunnundersøkingar gi betre grunnlag for å vurdere om vedtatt reguleringsplan må endrast, då endringar i berget kan gjere det nødvendig å flytte tunnelpåhogget.
Inntil vidare har Statens vegvesen høg beredskap og stenger den aktuelle vegstrekninga dersom det oppstår situasjonar som kan medføre risiko for liv og helse. Informasjonstavler blir satt opp i haust på E6 i begge endar av strekninga der Vegtrafikksentralen raskt kan legge ut bodskap til trafikantane ved eventuell stenging av E6 Langnesberga og varsel om omkøyring.
Når vegen er open for trafikk er den vurdert som trygg nok for dei som ferdast der. Tryggleik har størst prioritet, og Divisjon for drift og vedlikehold, Vegtrafikksentralen og geologar i Statens vegvesen samarbeider tett og har 24/7 vakt. Ved indikasjonar om auka risiko for nedfall/skred/utgliding er terskelen låg for varsling og proaktiv stenging av vegen. Forsterka patruljering blir gjennomført og Statens vegvesen har utvida inspeksjonane av vegstrekninga og utfører proaktivt vedlikehald av drens/kummar ved varsla uver. Statens vegvesen har etablert lokalt lager for tung sikring og beredskapshengar slik at vegstrekninga ved behov kan stengast så raskt som mogleg.
Eg har tillit til at vegvesenet gjer grundige og riktige vurderingar når det gjeld undersøking, overvaking, prioritering av strakstiltak og meir langsiktige tiltak.