Frank Edvard Sve (FrP): Vil samferdselministeren sørge for at statens vegvesen region midt snart legg fram og opererar med realistiske prisanslag for Møreaksen, med det same kraftige prisvekstgrunnlaget innan bygg og anlegg som resten av samferdselsnorge opplever?
Begrunnelse
Samferdselsprosjekt til himmels!
Fylkeskommunen i Møre og Romsdal opplever at samferdselsprosjekt går til himmels kostnadsmessig, men Møreaksen forkjemparane trur fortsatt på eit under. Fylkeskommunen opplever enormt store prisaukar på alle samferdselsprosjekt. Siste store prosjekt Nærlandsøybrua har kome godt over 830 mill. kr frå sine vel 350 mill. kr som fyrste prisgrunnlag. Det same opplever ein på alt av samferdselsprosjekt i fylket, bruer, tunellar, veg, rekkverk osv.
Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen seier til SMP:
"Kostnadsveksten treffer oss midt i solar plexus, seier fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen."
Vidare seier han:
"Vi har nok ikkje sett den siste kostnadsoverskridelsen. Om det er små prosjekt eller store prosjekt så opplever vi at alle får betydelege prisaukar, seier Tønnesen."
Dette er fakta, beinharde fakta som sjølvsagt gjelder alt av vegbygging. Dette gjelder sjølvsagt også den planlagte fjordkryssinga av Romsdalsfjorden, Møreaksen.
Det ser ut til å være i emning eit verkeleg stort under, når dei som ynskjer å bygge Møreaksen tviheld på sine totalt urealistiske prisanslag på ca. 25 milliard kr. Berre kosmetiske endringar har vorte synleggjort ang kostnadsutvikling på dette gigantprosjektet med omlag ny verdensrekord i bruspenn, omlag ny verdensrekord i undersjøisk tunell ned på godt under 300 m.
Møreaksen får sjølvsagt minst like store kostnadsaukar som resten av samferdselsprosjekta her i fylket og i resten av landet. Sannsynlegvis også vesentleg høgare då prosjektet verken har Ks2 eller på nokon som helst måte er byggeklar.
«Med fakta prisvekst som har vore no og som blir lagt opp til framover, er ikkje ei dobling av kostnadane for Møreaksen urealistisk».
Dette betyr at Møreaksen raskt vil bevege seg meir mot 40-50 milliard kr, sannsynlegvis enda høgare. Dette er realitetar ein ikkje kan snakke seg vekk ifrå. Regjeringa varslar også no kutt i vegbygging og utsett byggeklare prosjekt av same grunn, kraftig prisvekst. Den norske stat har alt kasta vekk nok pengar på dette håplause prosjektet som eit stort fleirtal av folket i Møre og Romsdal ikkje vil ha.