Birgit Oline Kjerstad (SV): Norge forvalter svært viktige marine områder, derimellom Tislerrevet i Ytre Valer nasjonalpark.
Kva gjer regjeringa for å overvake særleg verdifulle og sårbare marine områder, og Tislerrevet i Ytre Valer spesielt, og korleis vil regjeringa dokumentere og sørge for at måla i verneplanen vert nådd?
Begrunnelse
Svenske forskarar fann Tislerrevet i Ytre Hvaler på 1990-talet, og i 2009 vart det ein del av Ytre Hvaler Nasjonalpark. Korallrevet er ca. 1 200 meter langt, 200 meter breitt og ligg på 70 til 130 meter djupne. Korallrevet er det største kjende innaskjers saltvasskorallrevet i verda.
Då Tislerrevet vart ein del av nasjonalparken, vart det sett klare mål om at revet skulle vere like friskt i 2021 som i 2009. I eit presseoppslag i Østfold NRK 24. august, kom det fram at Noreg ikkje gjennomfører systematisk forskning og overvaking av dette korallrevet, berre sporadiske undersøkingar. I same medieoppslaget ver det opplyst at svenske forskarar brukar 30 millionar i året på å forske på korleis ein kan bevare korallar og restaurere korallrev som har vorte skada.
Kunnskapen om havet si rolle for karbonlagring, biologisk mangfald, produksjon av biologisk materiale og mat vert stadig større. Det er enno mykje som ikkje er forstått og kartlagt i havet, men ved å fylgje med og forske på korallrev i Norske farvatn kan ein betre forstå kva som må gjerast for å ta vare på havhelsa generelt. Ny sensor og videoteknologi gjer det stadig enklare å drive overvaking og forsking under havoverflata og utviklinga av slike metoder og teknologi er noko som også kan kome andre havnasjonar til gode.
Norge forvalter ein unik produktiv kyst med nokre av dei største villfiskressursane i verda. Mareanoprosjektet og havforskarane finn stadig nye områder med koraller i havet. Norge er det landet som har flest korallrev i sine kyst og havområde. I fylgje havforskarane finst det kanskje så mykje som 10 000 områder med saltvasskorallar i norske farvatn. Dette gjer Noreg til eitt av dei landa som har flest korallrev i sine kyst og havområder. Noreg har difor eit særskilt forvalteransvar for desse unike levande organismene og havmiljøet dei er avhengige av for å overleve.