Birgit Oline Kjerstad (SV): SV er gjort kjent med at det 3. mai 2022 vart det sendt eit brev frå KLD til Miljødirektoratet med varsel om å sette skogvernsaker på vent.
Kva er årsaka til at dette, gjeld denne instruksen framleis og meiner ministeren dette er det i tråd med budsjettavtalen med SV og måla stortinget har sett for skogvern?
Begrunnelse
I 2016 vedtok Stortinget eit mål om verne 10 % av den produktive skogen i Noreg. Vi har i dag verna 5,4% av denne. No er det 6 år sidan målet vart sett utan at det er nådd. Dette til tross for at det er kø for å få gjennomført friviljug vern, SV fekk forhandla inn att 150 mill. til formålet i statsbudsjettet for 2022 og midlar i revidert NB 2022.
Vi får opplyst at det no er nær stopp i ferdigbehandling av friviljug skogvern-saker. Innkomne saker blir ikkje handsama og KLD har bedt om at det ikkje vert teke imot nye vernesaker inntil videre. Vi risikerer dermed at verneverdig skog går tapt, både skog som er tilbudt for vern og skog som skogeigarar har/hadde planer om å tilby for vern.
Skogvern er viktig for både å sikre biologisk mangfald og for binding av karbon både i jordsmonn og trevirke. Om lag 60% av artane vi kjenner til i Noreg har tilhald i skogen. Mange artar slit med å overleve på grunn av flatehogst fordi dei er avhengige av gamal naturskog. Planter, sopp og dyr trivst best i eit skogmiljø med variasjon av treslag og med ulik alder og høgde på trea. Skogen med sine moser, vektster og jordsmonn er eit svært viktig karbonlager som er med å reinsar vatn og demper flom og erosjon. Urøyvd skog er karbonpositiv i eit lengre tidsperspektiv medan skogsdrift kan ha har negativt karbonrekneskap om det ikkje vert teke nok omsyn til karbonlagera og dei biologiske prosessane.