Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2811 (2021-2022)
Innlevert: 04.09.2022
Sendt: 05.09.2022
Besvart: 12.09.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Hvor mange omgjøringsbegjæringer har departementet mottatt i dispensasjonssaker og finnes det statistikk på utfallet av de omgjøringsbegjæringene som departementet har behandla (Om mulig er det ønskelig med tall de siste 10 år)?

Begrunnelse

Det er en praksis med at saker med dispensasjoner blir behandla av settestatsforvalter på departementet sine vegner. I tillegg blir noen slike saker sendt departementet gjennom omgjøringsbegjæringer.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Det er ingen statistikk over kor mange oppmodingar departementet får om å gjera om vedtak knytt til dispensasjonsregelen i plan- og bygningslova. Departementet får ein del oppmodingar om omgjering knytt til ulike føresegner i lova. Det er likevel svært sjeldan at departementet gjer om eit endeleg klagevedtak frå statsforvaltaren.
Statsforvaltarens vedtak er endeleg, og kan ikkje klagast vidare til departementet, jf. forvaltningslova § 28. Terskelen for å gjera om ei endeleg avgjerd er høg, jf. forvaltningslova § 35. Bakgrunnen er at partane i saka skal kunna forhalda seg til, og innretta seg etter, det endelege vedtaket frå forvaltninga.
Statsforvaltaren skal vere ein garantist for rettstryggleik når det gjeld kommunale enkeltsaker etter plan- og bygningslova og medverke til føreseieleg handsaming for tiltakshavaren, naboar og andre. Statsforvaltaren skal også bidra til at nasjonale og viktige regionale interesser ikkje blir vesentleg tilsidesette i enkeltvedtak etter plan- og bygningslova. Samstundes skal statsforvaltaren vera varsam med å overprøva avgjerder som ligg til det lokalpolitiske skjønnet.