Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:2843 (2021-2022)
Innlevert: 07.09.2022
Sendt: 07.09.2022
Besvart: 14.09.2022 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Er statsråden einig med stortingsrepresentantane Sandtrøen og Myhrvold i at statsråden bør forlate regjeringa dersom Noreg gjennomfører EUs fjerde energimarknadspakke?

Begrunnelse

Eg viser til avisa Klassekampen si sak 7. september, der representantar frå Senterpartiet si stortingsgruppe varslar at partiet vil forlate regjeringa dersom den gjennomfører EUs fjerde energimarknadspakke i Noreg. Dette vil mellom anna medføre meir satsing på fornybar energi og sterkare forbrukarvern på straummarknaden.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Svar

Trygve Slagsvold Vedum: Representantane Sandtrøen og Myhrvold trekkjer fram eit viktig politikkområde for Senterpartiet, og regjeringa gjennom utspelet sitt i Klassekampen 7. september. Eg deler synet om at dei norske kraftressursane skal kome alle nordmenn til gode. Me har over lang tid stått fremst i kampen for nasjonal råderett over og nasjonalt eigarskap til den norske vasskrafta. Målet er at krafta skal kome heile samfunnet til gode i form av god tilgang på stabil og rimeleg straum og at mest mogleg av krafta skal foredlast i Noreg og leggje til rette for at arbeidsplassar vert lokaliserte i nærleiken av der krafta vert produsert.
I Hurdalsplattforma, som Arbeiderpartiet-Senterpartiet-regjeringa styrer etter, står fylgjande:

«Regjeringen vil føre en politikk som sikrer oss at vi beholder suveren norsk kontroll over alle avgjørelser med betydning for energisikkerheten i Norge, for den videre utbyggingen av norsk kraft og energimiks, at det offentlige eierskapet ligger fast, og at beslutninger om eventuelle nye mellomlandsforbindelser til utlandet fortsatt suverent skal fattes av norske myndigheter.»

Med «fjerde energimarknadspakke» forstår eg at representanten Rotevatn viser til rettsaktene om organiseringa av kraftmarknaden som vart vedtekne i EU som ein del av Rein energi-pakken i 2019. Eg gjer merksam på at Rein energi-pakken også inneheld andre rettsakter om fornybar energi og energieffektivisering mv.
Departementa sitt arbeid med å fylgje opp rettsakter som vert utarbeidd og vedtekne i EU er mellom anna regulert i Ugreiingsinstruksen. Det fylgjer av instruksen at i saker der utgreiinga identifiserer problemstillingar av rettsleg, institusjonell eller fagleg karakter, så skal desse avklarast og vurderast. Instruksen legg til rette for god og forsvarleg sakshandsaming og at ulike handlingsalternativ og konsekvensane av ulike alternativ skal synleggjerast og vurderast grundig.
Tre av rettsaktene i Rein energi-pakken gjeld organiseringa av kraftmarknaden og erstattar regelverket i tredje energimarknadspakke, som er ein del av EØS-avtalen og er innlemma i norsk rett. Dette er eit omfattande regelverk, og Olje- og energidepartementet arbeider med å gjennomgå innhaldet. Det er for tidleg å seie når gjennomgangen og vurderingane som er i gang vil verte sluttførte og saka kjem til behandling i regjeringa.
Når saka kjem til behandling i regjeringa, vil ho verte grundig handsama. Omsyn som nasjonal sjølvråderett, forbrukarinteresser, norske arbeidsplassar og produksjon av fornybar energi er mellom det som vil verte vurdert nøye.