Skriftlig spørsmål fra Tobias Drevland Lund (R) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2864 (2021-2022)
Innlevert: 09.09.2022
Sendt: 09.09.2022
Besvart: 16.09.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Tobias Drevland Lund (R)

Spørsmål

Tobias Drevland Lund (R): Hvorfor vil ikke statsråden lytte til et flertall i befolkningen i tidligere Vågsøy kommune som vil dele opp nåværende Kinn kommune?

Begrunnelse

1. september ble det avholdt en folkeavstemning om hvorvidt nåværende Kinn kommune skulle løses opp eller ikke. Kommunen har ofte i media blitt omtalt som Norges rareste kommune, blant annet ettersom at kommunen ligger på hver sin side av Bremanger kommune. I Vågsøy-delen av Kinn kommune stemte hele 59,2 prosent for å splitte opp den nåværende sammenslåtte kommunen. Bare 44 stemmer skilte ja og nei-siden. Under behandlingen av saken i kommunestyret var det svært jevnt, der 21 representanter stemte for å beholde Kinn kommune, mens 18 stemte for deling.
Til Firdaposten 28. mai 2018 uttalte partileder i Senterpartiet og finansminister Trygve Slagsvold Vedum sitat:

«– Når det gjeld Kinn kommune er det eit eksempel på kor desperat den prosessen vart. Ein pressa veldig på frå regjeringa si side, slik at ein følte lokalt at dei måtte finne ei løysing. Eg håpar regjeringa kan legge litt av prestisjen til side, eg ser jo at det er ein lite funksjonell kommune, seier Slagsvold Vedum».

I et ekteskap holder det at en av dem som er i ekteskapet har lyst til å skilles. Det samme prinsippet bør gjelde for kommuner. Dette er noe blant annet statsråden har vist gjennom handling både når det kommer til Søgne og Haram. Når et såpass stort flertall som 59,2 prosent av innbyggerne i Vågsøy ønsker seg tilbake til den gamle kommunen, må dette lyttes til.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Stortinget vedtok i 2017 ei samanslåing av Flora og Vågsøy på bakgrunn av lokale vedtak om samanslåing i begge kommunestyra. Kinn er derfor ikkje rekna som ein tvangssamanslått kommune. Dette i motsetnad til Ålesund og Kristiansand kommunar, der samanslåinga blei vedtatt mot lokale vedtak i Haram og Søgne.
På bakgrunn av eit initiativ frå kommunen sjølv, vedtatt i kommunestyret i Kinn 10. februar 2022, sa regjeringa våren 2022 ja til å greie ut deling av Kinn. Det blei utarbeidd eit saksgrunnlag om konsekvensar av delinga, på oppdrag frå Statsforvaltaren i Vestland. Dette var gjort kjend for innbyggjarane i Kinn, som grunnlag for ei rådgjevande folkerøysting i kommunen. Den økonomiske ramma for ei ev. deling var også kjend for innbyggjarane.
I folkerøystinga var det eit lite fleirtal av innbyggjarane i heile kommunen som røysta for at kommunen ikkje skal delast. Fleirtalet i kommunestyret har no konkludert med at dei meiner kommunen ikkje bør delast.
Statsforvaltaren skriv i si tilråding at «Statsforvaltaren ser at det er både fordelar og ulemper knytt til ei eventuell deling av Kinn kommune. Etter Statsforvaltaren si meining er det i ei slik sak viktig å ta omsyn til det øvste politiske organet i kommunen. Det var Kinn kommunestyre som tok initiativ til å utgreie konsekvensane av ei deling, og vedtaket i kommunestyret bør såleis vege tungt. Kommunestyret har vedteke at Kinn kommune held fram som eigen kommune. Statsforvaltaren i Vestland sluttar seg til vedtaket i Kinn kommunestyre, og vi tilrår med dette at Kinn kommune ikkje blir delt og såleis held fram som eigen kommune.»
Det er som det framkjem over altså kommunestyret sjølv som har initiert ei utgreiing av deling av kommunen og etter å ha innhenta råd frå innbyggjarane no har konkludert med at ein ikkje ynskjer deling.