Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:2869 (2021-2022)
Innlevert: 11.09.2022
Sendt: 12.09.2022
Besvart: 20.09.2022 av landbruks- og matminister Sandra Borch

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Statleg eigde Løken Gard i Valdres har stått tom og utan drift sidan Støre-regjeringa sist haust stoppa planane om sal av garden.
Kva planer har landbruksministeren for å få ny aktivitet og drift av Løken Gard, til dømes ved å utvikle garden som eit nasjonalt senter for fjell-landbruk og dei omstillingane som må til i fjell-landbruket på grunn av klimaendringar, endra forbrukar-preferansar, ny teknologi etc.?

Sandra Borch (Sp)

Svar

Sandra Borch: Etter at salet av Løken gard i Valdres blei stoppa i fjor haust, har det blitt arbeidd med å finne ei løysing for eigedomen. Det er ikkje lenger eit statleg behov for den, og det har blitt greidd ut om eigedomen kan huse eit nasjonalt senter for fjellandbruket. Eit initiativ, med Øystre Slidre kommune i spissen, har hatt ønskje og planar om å nytte eigedomen til eit nasjonalt senter. Eg har i den seinare tida hatt tett dialog med kommunen om saka med mål om å finne ei løysing.