Alfred Jens Bjørlo (V): Er samferdsleministeren frå Arbeiderpartiet enig med stortingsrepresentant Erling Sande frå Senterpartiet i at det er uaktuelt at Bybanen i Bergen til Åsane skal få 70 % statleg finansiering når prosjektet blir aktuelt, og har regjeringa/regjeringspartia no ein gong for alle avlyst sitt viktigaste kollektivløfte frå regjeringsplattformen, ein auke av den statlege finanseringa av store kollektivprosjekt til 70 prosent?
Begrunnelse
Leiar av transportkomiteen på Stortinget, Erling Sande frå regjeringspartiet Senterpartiet, avlyser regjeringas mål om 70 prosent støtte til store kollektivprosjekt i Bergens Tidende i dag. Han er svært tydeleg på at Bybanen i Bergen ikkje kjem til å få 70 prosent statleg finansiering av den foreståande utbygginga til Åsane.
Då Fornebubanen var i spel, nekta regjeringa å auke den statlege støtta også til dette prosjektet til 70 prosent, sjølv om det er nedfelt som mål om 70 prosent statleg finansiering i Hurdalsplattformen.