Sveinung Rotevatn (V): Kva er status for arbeidet med ny energiforsyning i Longyearbyen?
Begrunnelse
I svalbardbudsjettet for 2021 vart det varsla at lokalstyret i Longyearbyen får i oppdrag å utarbeide ein energiplan, der ein særleg skal vurdere innfasing av nye fornybare energikjelder kombinert med dieselteknologi.
Samstundes arbeider både Store Norske og UNIS med utvikling av ny teknologi for å sikre miljøvenleg energiforsyning i arktiske strøk. Det vil vere nyttig om statsråden kan greie ut om korleis desse arbeida blir sett i samanheng, om lokalstyret samarbeider med Store Norske og/eller UNIS eller andre aktørar om framtidig energiløysing, og kva som er status for arbeidet.