Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2988 (2021-2022)
Innlevert: 23.09.2022
Sendt: 23.09.2022
Besvart: 30.09.2022 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): Hvordan vil statsråden følge opp den alvorlige saken fra Bergen kommune, der det fremkommer at to barn har blitt sviktet av det offentlige?

Begrunnelse

I Bergens tidende (22.09.) kommer det frem at Lehmann har nå levert sin rapport i tilsynssaken mot en rekke etater i Bergen kommune etter at en underernært tenåringsgutt i januar ble innlagt på Haukeland universitetssjukehus.
Lehmann sier blant annet: Denne saken viser alvorlig svikt over lang tid når det gjelder samhandling mellom tjenester. Disse barna har ikke fått helt grunnleggende oppfølging fra det offentlige helsevesenet.
Det vises også til Dokument nr. 15:2152 (2021-2022) Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og familieministeren hvor statsråden innrømmer at regjeringen ikke har kommet langt nok:

«Dei seinare åra har det vore ei satsing i samarbeid mellom barnevernet og helsesektoren for at barn i barnevernet skal få betre tilgong til helsehjelp. Samstundes må vi erkjenne at vi ikkje har kome langt nok i arbeidet.»

Spørsmålsstiller håper statsråden nå vil ta tak i denne saken og komme med konkrete tiltak til hvordan vi kan lære av disse forferdelige sakene, slik at vi unngår at slik systemsvikt ikke rammer barn i andre kommuner.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Eg er kjent med saka, og den har gjort stort inntrykk på meg.
Kommunane har plikt til å føre kontroll med korleis dei varetar sine lovpålagte oppgåver. Det er kommuneleiinga som har det øvste ansvaret for at kommunen varetar det ansvaret dei har. Vidare har statsforvaltaren ansvar for å føra tilsyn med kommunale tenester som barneverntenesta og helsetenesta. Internkontroll og tilsyn er viktige verkemiddel som bidrar til at kommunane varetek sine lovpålagte oppgåver og yter forsvarlege tenester. Eg føreset at dei involverte myndigheiter går gjennom rutinane sine slik at liknande feil ikkje skal skje igjen. Eg føreset òg at statsforvaltaren følgjer opp saka med tilsyn inntil avvik er lukka.
På et overordna nivå er eg opptatt av at vi må bli betre i tenestene våre og lære av feil som er gjort. Ikkje berre i Bergen, men også i andre delar av landet. Når det gjeld barneverntenesta, viser tilsynsrapportar at det ikkje er nok systematisk arbeid i barnevernstenesta for å avdekka dei alvorlege tilfella. Slik er det ein risiko for at barn ikkje får den hjelpa dei treng. Det er bekymringsfullt. Eg vurderer no nye tiltak for at tenestene skal kunne lære av feil som blir gjort og hindre at feil skjer igjen
Nye reglar om samarbeid og samordning for alle velferdstenestene trådte i kraft 1. august 2022. Dette inkluderer helse, tannhelse, arbeids- og velferdstenestene, skole, barnehage, barnevern, familievern og krisesenter. Alle desse tenestene har fått ei lovfesta plikt til å samarbeide med andre tenesteytarar dersom dette er nødvendig for å gi barnet eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Barneverntenesta har plikt til, i tillegg til å følgje opp det einskilde barn, samarbeide med offentlege instansar og andre tenesteytarar slik at barneverntenesta og dei andre tenesteytarane kan ivareta sine oppgåver etter lov og forskrift. Kommunane har fått ei tydeleg plikt til å avklare kva slags velferdsteneste som skal samordne tenestetilbodet til den enkelte. Dette skal tette glippsoner. Frå 1. august 2022 vart individuell plan ein rettigheit etter barnevernslova. Det er i tillegg satt i verk ei ny forskrift om individuell plan som gjeld for helse- og omsorgstenestene, arbeids- og velferdstenestene og barnevernstenestene.
Regjeringa har i Hurdalsplattforma sagt at vi vil gjennomføre ein kvalitetsreform i barnevernet som sikrar ei hensiktsmessig organisering og vektlegg auka kompetanse og gir dei tilsette meir tid og tillit i møte med barna. Dette er eit arbeid som er prioritert i departementet. Erfaringar og kunnskap om svikt i tenestene som er kjent gjennom tilsynsrapportar, også det som kjem fram i den alvorlege saka representanten tar opp, er sjølvsagt viktig i dette arbeidet.