Skriftlig spørsmål fra Hege Bae Nyholt (R) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:20 (2022-2023)
Innlevert: 04.10.2022
Sendt: 05.10.2022
Besvart: 12.10.2022 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Hege Bae Nyholt (R)

Spørsmål

Hege Bae Nyholt (R): Når kan alle kommersielle aktører være faset ut av barnevernet?

Begrunnelse

I meldingen om rikets tilstand, lest av Kommunal og moderniseringsminister Sigbjørn Gjelsvik, ble det sagt:

«Regjeringa har starta arbeidet med å styrke de statlige barnevernsinstitusjonene, øke andelen plasser ideelle barnevernsinstitusjoner og gradvis fase ut bruken av kommersielle leverandører i barnevernet».

Jeg ønsker å rose regjeringen for med dette å ha tatt ett steg videre fra Hurdalsplattformens formulering. Ministeren har blant annet i spm. 15:2911 (2021-2022) redegjort godt for behovet for gradvis overgang, så det behøver ikke gjentas.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Som nemnt i mitt svar frå 30. september d.å. på spørsmål nr. 2911 frå den same spørsmålsstillaren, er det eit mål for denne regjeringa å gradvis fase ut store kommersielle aktørar. Bufdir har blitt gitt føringar knytt til dette. Eg vil òg presisera at regjeringa er tydeleg på at endringane ikkje skal gå ut over tilbodet til barna.
Før ein kan avslutte bruken av dei kommersielle, må dei statlege institusjonane kunne ta i vare barna med dei største og mest komplekse behova. Omstillinga må skje gradvis, og er avhengig av dei ordinære budsjettprosessane. Eg kan difor ikkje gi konkrete opplysningar om når utfasinga skal vere ferdig. Men styrkinga av det statlege tilbodet i 2022 og 2023, og det nye avtaleverket med dei ideelle leverandørane, markerer ein tydeleg start på dette arbeidet.