Liv Kari Eskeland (H): Kor mange tunge varebilar og bussar er det estimert vil bli kjøpt inn gjennom offentleg innkjøp dei neste tre åra, kva offentlege verksemder vil dette gjelde, og kva tilleggskostnad er estimert for desse innkjøpa?
Begrunnelse
Det vert vist til pressemelding 113/22 der det vert annonsert at det vil bli sett krav om at alle nye tunge varebiler som vert anskaffa av det offentlege skal vera nullutslepp frå 01.01.23. Vi forstår det slik at dette gjeld i all statleg forvaltning, og for all verksemd som skjer i fylkeskommunal og kommunal regi.
Det er av interesse å vite kva talgrunnlag som ligg bak eit slikt krav.