Alfred Jens Bjørlo (V): Kan finansministeren avklare om det ligg på bordet eit framlegg om innføring av ny grunnrenteskatt på havbruk som vil bli innkrevd frå og med budsjettåret 2023 og gje inntekter til staten og kommunane i budsjettåret 2023, eller foreslår regjeringa å innkrevje ein ny grunnrenteskatt først frå 2024?
Begrunnelse
Regjeringa sitt framlegg om ein ny grunnrenteskatt for oppdrett av laks og ørret har fått mykje merksemd den siste tida. Framlegget om grunnrenteskatt vart presentert av regjeringa veka før statsbudsjettet vart lagt fram, med opplysing om at skatten ville bli innført frå 1.1.2023 og gi ei anslått skatteinntekt på 3,65-3,8 mrd. NOK årleg.
Etter framlegginga av statsbudsjettforslag for 2023 har finansministeren kommentert innføring av grunnrenteskatt fleire gonger, blant anna overfor E24. Her uttaler finansministeren følgande (E24 sin podcast E24-podden):
"Det som skjer på havbruk og som det har vært mye debatt om den siste uka, det slår ikke inn i budsjettet før i 2024. Det endelige skatteforslaget kommer først til behandling i Stortinget til våren".
Dersom det er slik som finansministeren hevdar at ein ny grunnrenteskatt ikkje slår inn før i 2024 – og ikkje skal handsamast av Stortinget før til våren - så framstår det noko underleg at finansministeren på pressekonferansen før budsjettframlegginga varsla at grunnrenteskatt blir innført no FORDI det er krig og ekstraordinære forhold i 2023-budsjettet, samt at Finansministeren avkrev opposisjonen svar på kva som er alternativet til grunnrenteskatt på havbruk for å saldere 2023-budsjettet.
Så kva er det korrekte her, er grunnrenteskatt tenkt innført frå 2023 eller frå 2024.