Skriftlig spørsmål fra Sveinung Stensland (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:80 (2022-2023)
Innlevert: 12.10.2022
Sendt: 12.10.2022
Besvart: 21.10.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Sveinung Stensland (H)

Spørsmål

Sveinung Stensland (H): Hvordan arbeider myndighetene med å avdekke om, og hindre at, norske valg utsettes for uønsket informasjonspåvirkning, og har regjeringen iverksatt tiltak for å avdekke langvarige og pågående forsøk på å påvirke valg i tråd med anbefalingen i FFIs rapport?

Begrunnelse

Det vises til FFI-rapport 21/02746 utført på oppdrag fra Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I rapporten konkluderer FFI med at selv om de ikke har funnet indikasjoner på at stortingsvalget i 2021 ble utsatt for uønsket informasjonspåvirkning fra utenlandske aktører, avdekket FFI at ikke-statlige aktører aktivt forsøker å spre desinformasjon til et norsk publikum. FFI pekte også på at påvirkningsoperasjoner skjer indirekte og subtilt, og at slike undersøkelser i fremtiden burde skje over et lengre tidsrom.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Eg vil fyrst understreke at det er fleire sektorar som har ansvar for arbeidet med å avdekke og hindre uønskt påverknad. Kommunal- og distriktsdepartementet har jobba over lengre tid med å førebyggje og motverke forsøk på påverknad av valet frå utanlandske aktørar. Departementet gjer grundige risikovurderingar, og utarbeider beredskaps- og kontinuitetsplanar i forkant av kvart val. Vi har og fleire øvingar før vaia, der vi øver på ulike hendingar for å vere førebudde om det skulle skje noko under valet.
Eg meiner det er viktig å setje både personar og institusjonar betre er i stand til å stå imot forsøk på uønskt påverknad. Ved dei siste vaia har departementet leia ei tverrsektoriell arbeidsgruppe som har jobba med tiltak retta mot både politikarar, dei politiske partia, valmyndigheiter og befolkninga.
Eit av tiltaka departementet kom med i 2021 var å lyse ut eit forskingsoppdrag, som resulterte i rapporten som stortingsrepresentanten nemner. Rapporten slo fast at ein ikkje fann teikn til påverknad ved stortingsvalet. Rapporten tilrår at ein har ei meir langsiktig tilnærming til påverknad, sidan påverknad ofte skjer over lengre tid. Eg er einig i denne tilnærminga, og vi har derfor vidareført arbeidsgruppa fram mot valet i 2023. Sentralt i arbeidet blir å jobbe med ytterlegare tiltak som kan setjast i verk framover.
Gjennom møter i arbeidsgruppa og iverksetjing av dei ulike tiltaka, har vi fått ei felles forståing for kva dei ulike aktørane kan bidra med, og kor vi meiner det er nødvendig eller hensiktsmessig å styrke innsatsen.
Eg vil nemne nokre av tiltaka som etter mi mening samla sett har auka medvettet om påverknad hos dei ulike aktørane: Arbeidsgruppa har mellom anna sørga for utsending av ei brosjyre til alle kandidatar som stiller til val, med konkrete råd til korleis dei kan ivareta sin eigen sikkerheit og gjere seg sjølv mindre sårbare for påverknad. I tillegg gir Politiets sikkerheitsteneste (PST) og Nasjonal sikkerhetsmyndigheit (NSM) sikkerheitsfaglege råd til politiske parti og aktuelle verksemder. Eit anna tiltak i forbindelse med førre val, var at Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (OSB) arrangerte beredskapsmøter med statsforvaltarane og tverrsektorielle samvirkekonferansar med ulike beredskapsaktørar (til dømes politidistrikt). Eit anna viktig tiltak er å auke kunnskapen om desinformasjon, falske nyheiter og kjeldekritikk i befolkninga. Her har Medietilsynet og OSB utvikla informasjonsmateriell og råd til befolkninga om korleis dei kan styrke den kritiske medieforståinga.