Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:87 (2022-2023)
Innlevert: 12.10.2022
Sendt: 12.10.2022
Besvart: 21.10.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren dokumentere at dersom Nordøyvegprosjektet får inn ekstra midlar i sin finansiering av prosjektet anten som løyvingar frå fylket sjølv eller frå staten, at dette kan medføre at fylkeskommunen sjølv kan sette ned bompengetakstane?

Begrunnelse

Stortinget har vedteke samrøystes at Bompengeprop. 93 S ang Nordøyvegen er opna opp for å kunne kutte bompengane ved ekstra midlar inn i prosjektfinansieringa, til kutt av bompengetaksten direkte.
Eg oppfattar at departementet problematiserar dette overfor Møre og Romsdal fylkeskommune.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Det går fram av Prop. 93 S (2021–2022) Finansiering av prosjektet fv. 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal fylkeskommune, at ev. kostnadsreduksjonar i prosjektet skal delast mellom fylkeskommunale midlar og bompengar etter en angitt prosentfordeling.
Fylkeskommunen har anledning til å bruke sin del av ev. mindreforbruk/kostnadsreduksjonar eller andre eigne midlar til å redusere bompengeselskapet si gjeld med påfølgande lågare bompengetakstar. Dersom det blir aktuelt å sette ned takstane, legg eg til grunn at dette skjer i samråd med bompengeselskapet og Statens vegvesen som takstmyndigheit.