Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:128 (2022-2023) Innlevert: 15.10.2022 Sendt: 17.10.2022 Besvart: 24.10.2022 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran
Helge André Njåstad (FrP): Når no auksjonen er gjennomført er det mulig å rekne ut kva kvar enkelt kommune og fylkeskommune får tilført i 2022 av havbruksfondet. Kan statsråden liste opp tildelinga for 2022 på kommunenivå?
Bjørnar Skjæran: Auksjonen gav eit proveny på nær 3,8 milliardar kroner. Regjeringa er opptatt av at ein rettferdig del av inntektene frå næringa skal gå til vertskommunar og -fylkeskommunar gjennom Havbruksfondet. Mens førre regjering reduserte vertskommunanes andel, framgår det av Hurdalsplattforma at vår regjering vil auke den. Nøyaktig oversikt over inntektene for kvar enkelt kommune og fylkeskommune er foreløpig ikkje avklart. Regjeringa tar sikte på at pengane vil utbetalast i år, og vil derfor raskt kome til Stortinget i proposisjon med eit forslag til løyving.Når løyvinga er klar vil midlane fordelast i samsvar med fordelingsnøklane i Havbruksfondet.