Svar
Sigbjørn Gjelsvik: Regjeringa følgjer opp Stortingsvedtak 1045 både regulatorisk og gjennom handheving. Når det gjeld det regulatoriske, blei revidert forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løsninger vedteke den 21. desember 2021. Forskrifta tredde i kraft 2. februar 2022, og gjennomfører EUs webdirektiv (WAD) i norsk rett. Departementet arbeider med å vedta kravet til synstolkning innan offentleg sektor, som følgjer av webdirektivet, men som foreløpig er unntatt virkeområdet til den reviderte forskrifta.
Når det gjeld handhevingen av regelverket, speler tilsynet for universell utforming av IKT (uutilsynet) ei viktig rolle. For budsjettåret 2021 vart uutilsynet styrkt med 9,5 mill. kroner, som er vidareført i 2022 og 2023. Midla har vore brukte, og vil nyttast, til utvikling av ein digital grunnmur i uutilsynet, digitale verktøy for kontroll og tilsyn, og ei sentral digital løysing for tilgjengeligheitserklæring. Slik vil handhevinga av regelverket styrkast og bli effektivisert, og behovet for nye årsverk er noko redusert.
Digitaliseringsprosjektet, Digitalt datadrivne tilsyn (DDT-prosjektet), har tre hovudformål: det eine er å handheva utvida regelverk for universell utforming av IKT, det andre å auka kontrollvolum, til minst 270-300 forenkla tilsyn frå 2023/2024, og det tredje er å bygge arbeidsprosessane på digitalisering og automatisering.
Døme på at uutilsynet gjennom DDT-prosjektet bygger sine arbeidsprossar på digitalisering og automatisering, er at uutilsynet hittil har:
• digitalisert sine fag- og styringsprosessar, for auka effektivitet og produksjon,
• utvikla ny sentral felles løysing for tilgjengeligheitserklæring med automatisert kontroll ved bruk av ein robot. Tilgjengeligheitserklæringa skal brukast av offentlege verksemder for å synleggjera at dei overheld forskriftskrava, evt. kva krav dei ikkje er i stand til å overhalda og kvifor,
• etablert ei dataplattform. Dataplattforma er ei teknisk løysing for å samla inn, behandla, analysera og presentera data (informasjon) som er innhenta eller har oppstått ved bruken av ulike system, prosessar og infrastrukturar, og
• etablert arkitektur, arbeidsprosessar og faglege grunnlag, bl.a. for tolkinga av nye krav etter nasjonal gjennomføring av WAD i revidert forskrift.
Som del av DDT-prosjektet jobbar uutilsynet vidare med å etablera og gjennomføra testprosedyrar for kontroll av nye krav etter nasjonal gjennomføring av WAD i revidert forskrift, i tillegg til pågåande digitalisering av tilsynsprosessane. Det vil òg utarbeidast ei felles tilgjengelegheitserklæring for applikasjonar til bruk av offentlege verksemder.