Alfred Jens Bjørlo (V): Når og korleis vil vertskapskommunene for havbruk bli kompensert for tapet på ca. 1,5 milliardar NOK i forventa inntekter etter at regjeringa varsla innføring av kraftige skatteauker på havbruksnæringa - jamfør at finansministeren har garantert at vertskapskommunane for havbruk skal sitje att med meir etter at regjeringa la fram sin nye skattepakke enn før?
Begrunnelse
På pressekonferansen 28. september om innføring av grunnrenteskatt sa finansministeren: "Punkt nummer en når vi nå innfører en grunnrenteskatt på havbruk, så skal cirka halvparten være igjen i kommunal sektor. Så de kommunene som har havbruk, skal sitte igjen med mer etter dette grepet, enn før dette grepet."
I spørjetimen 19/10, svarte Finansministeren følgande på mitt spørsmål om han meiner det er sikkert at havbrukskommunane vil sitje att med meir pengar etter at regjeringa la fram ein ny skattepakke for havbruksnæringa: “Ja“.
Det kan ikkje oppfattast på andre måtar enn ein garanti frå Finansministeren si side.
Nye utrekningar frå Nettverket for fjord- og kystkommuner syner derimot at norske havbrukskommunar får betydeleg lågare inntekter i 2022 og 2023 som ein direkte følgje av regjeringa sine varsla “grep“.
I auksjonsrunden for auka produksjonskapasitet for laks og ørret i 2020, kom det inn om lag 4 milliardar kroner mindre enn venta på førehand – etter alt å dømme som følgje av regjeringa sin varsla skattepakke som gir ein samla skatteprosent på over 80 % for mange sjømatbedrifter – og som for enkelte bedrifter betyr at dei må tappe av eigenkapitalen for å betale auka skatt.
Vertskommunane skal ha 40 % av inntektene frå konsesjonsrunden. Dermed har kommunene tapt 40 % av det samla tapet for fellesskapet på 4 mrd. – altså 1,6 mrd. i 2022 og 2023 samla.
Spørsmålet er når og korleis vil regjeringa kompensere vertskommunane for havbruk for dette tapet.