Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:260 (2022-2023)
Innlevert: 28.10.2022
Sendt: 31.10.2022
Besvart: 04.11.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Drosjenæringa opplever framleis at det tek svært lang tid å kvalifisere nye sjåførar. Kø hjå SVV og manglande høve til å få kjøresetel hjå politiet parallelt med teori/praktisk prøve hjå SVV er ein del av årsaka.
Er det framgong i arbeidet med å tillate kjøresetelkandidatane og søke politiet om kjøresetel parallelt med gjennomføring av teoretiske og praktiske prøvar hjå vegvesenet?

Begrunnelse

I sitt svar til underteikna om same problemstilling, datert 27.06.22 svara mellom anna statsråden slik avslutningsvis: "Representanten Eskeland foreslår som eit tiltak for å redusere den totale ventetida for kjøresetel, å tillate kjøresetelkandidatar å søke politiet om kjøresetel før dei har bestått drosjesjåføreksamen. Justis- og beredskapsministeren og eg vil vurdere moglegheita for dette nærare."
Vi mottek stadig fortvila meldingar om at det tek svært lang tid å få kvalifisert sjåførar til taxinæringa. Det er kø for å få tatt teoriprøve, deretter må ein stille seg i kø for å få tatt praktisk prøve. Når den er bestått må ein på ny stille seg i kø hjå politiet for å få skrive ut kjøresetel. Det vert vist til eksempel der kandidatar har starta kvalifiseringa i juni, men at ein enno ikkje har motteke endeleg kjøresetel for å kunne kjøre. Det seier seg sjølv at ein misser gode sjåførar til yrket om det skal ta så lang tid, ettersom folk heldigvis vil raskt ut i arbeid om ein står i ein situasjon der ein er arbeidssøkjande. Det vert vidare i svarbrevet vist til at departementet har sett ned eit utval som skal sjå på heilskapleg på det framtidige drosjeregelverket, og at ein rapport skal leveres hausten 2023. Vi vonar likevel at det kan gjerast avbøtande tiltak for den kristiske situasjonen næringa no opplever med sjåførmangel mange stader i landet og at ein ikkje må vente til dette arbeidet er ferdigstilt.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Kjøresetelordninga har ein svært viktig funksjon i persontransportbransjen. Kjøresetelordninga sikrar mellom anna at dei som har slik vandel at dei ikkje er skikka til å vere drosjesjåførar ikkje får tilgang til drosjeyrket, og at sjåførane har helse til å køyre drosje på ein trafikksikker måte. Kravet om drosjesjåføreksamen bidreg til betre kvalitet på tilbodet til passasjerane.
Eg forstår at drosjenæringa er frustrert over ventetida for å få utstedd kjøresetel og verknadene på rekrutteringa til yrket.
I svar på skriftleg spørsmål nr. 2474 frå stortingsrepresentant Eskeland viste eg, saman med justis- og beredskapsministeren, til at me vil vurdere forslaget frå stortingsrepresentanten om å tillate kjøresetelkandidatar å søke politiet om kjøresetel før dei har bestått drosjesjåføreksamen. Justis- og beredskapsdepartementet har no gjeve Politidirektoratet i oppdrag å vurdere forslaget. Politidirektoratet skal mellom anna beskrive korleis ein kan organisere ei ordning med parallelle søknadsprosessar. Vidare skal dei vurdere dei økonomiske og administrative verknadene av forslaget. Politidirektoratet har frist for å komme med si vurdering 10. desember 2022. Etter denne fristen vil eg, saman med justis- og beredskapsministeren, vurdere vidare oppfølging av saka.
Svaret er utarbeidd i samråd med justis- og beredskapsministeren, som har det overordna ansvaret for kjøresetelforvaltinga.