Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:288 (2022-2023)
Innlevert: 02.11.2022
Sendt: 02.11.2022
Besvart: 10.11.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren gjere greie for korleis ein eit-løps tunell på over 6 000 meter ved ein nye E-39 nord-sør gjennom Møre og Romsdal, i reguleringsplanen for E-39 Ørskogfjellet- Vik kan være realistisk, forsvarleg, og kva som vil skje den dagen denne tunellen er steng ved brann i tunell eller ved alvorlege ulykker?

Begrunnelse

Statens vegvesen region midt har i lang tid valgt å unngå å forholde seg til faktiske realitetar ikring det famøse vegprosjektet Møreaksen som folket i Møre og Romsdal ikkje vil ha. Frå dag ein har representantar og planarbeidet i Statens vegvesen ikkje forholdt seg til fakta, og hevdar prosjektet skulle ha oppstart i 2023 og være ferdig i 2030. Gong etter gong har mengder med innspel peika på at dette verken er realisme eller fakta, og prosjektet er heller ikkje "vedteke " i NTP 2022-2033 slik statens vegvesen hevdar, sist i reguleringsplanen for E-39 Ørskogfjellet -Vik. Dette står under kapittel 3.4 i planen. Vidare står det i samme planen at heile strekninga ny E-39 Ålesund- Molde vil kunne stå ferdig i 2030. Dette er direkte feilinformasjon og har ikkje snev ar realisme i verkelegheita.
NTP for 2022-2033 vart ikkje vedteken, men lagt ved protokollen i Stortinget, dette må snart Statens vegvesen forholde seg til. Det samme er det fakta at Statens vegvesen har delt opp strekninga E-39 Ålesund -Molde i fleire byggjesteg, der Ålesund- Sjøholt er satt på vent, og planarbeidet er utsatt på ubestemt tid.
Korleis Statens vegvesen kan operere på denne svært useriøse og svært unøyaktige måten, sjokkerar både befolkninga og politikarar i regionen. Dette er useriøst og direkte slett håndtverk av ein statleg etat som STVV.
I planarbeidet som er lagt fram, blir det i planen for E-39 Ørskogfjellet til Vik lagt opp til eitløps tunell på heile 6 490 meter. Dette betyr at nord-sør E-39 gjennom Møre og Romsdal vil være totalt stengt ved ein eventuell tunellbrann eller alvorlege ulykker. Dette er ikkje berre eit stort problem, men totalt uaktuelt å akseptere. Kun gjort for å maskere dei gigantiske reelle kostnadane i prosjektet. Dette både sikkerheistmessig men spesielt samfunnsmessig som trafikksystem gjennom fylket. Ferjefri E-39 har heil tida vore planlagt som firefelts motorveg, og det har frå førige regjering vore gjeve svært så klare krav om å redusere kostnadane i prosjektet men då utan å kutte i vegsystema dvs. kutte frå rask firefelts til lavare standar slik som tofeltsveg faktisk er, utan å møte framtidas behov. Ved å planlegge tofelts tunellar på ny E-39 på over 6 000 m, viser dette at heile prosjektet Møreaksen har gått ut på dato og må skrinleggjast.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Ny E39 mellom Ørskogfjellet og Vik i Vestnes kommune er ein del av prosjektstrekningen E39 Ålesund-Molde. Statens vegvesen har utarbeidd eit forslag til reguleringsplan for strekninga som vart lagt ut på høyring 4. januar 2022. Vegvesenet utarbeida eit nytt forslag for å ta omsyn til fleire av merknadane som kom inn. Det nye forslaget har no vore på offentleg høyring.
I det siste forslaget til reguleringsplan er det vist ein tunnel på 6 490 meter inkludert portalar. Lengda er noko lengre enn i det første forslaget fordi det er teke omsyn til lokale interesser. Tunnelen har ei jamn stigning på 3,0%.
Tunnelen blir planlagd etter dei reglane som gjeld for sikkerheit i tunnelar. Aktuelle etatar har på vanleg vis vore med i planlegging og risikovurdering av tunnelen. Transportanalysar viser at det, ut frå trafikkmengd, ikkje er naudsynt med to tunnelløp for å få god nok sikkerheit. Statens vegvesen har likevel valt å legge eit ekstra tunnelløp inn i reguleringsplanen for å ha moglegheit til å byggje dette om det blir naudsynt.
Om den planlagde tunnelen vert stengd vil det vere god omkøyring via dagens fv. 661 og E39 via Helland og Skorgedalen. Planen inneber at dagens fv. 661 blir utbetra med gang- og sykkelveg samt trafikktryggingstiltak. Det er planlagt at denne vegen kan omklassifiserast til arm til E136, etter at ny E39 er bygd ut.
Statens vegvesen har så langt vist framdriftsplanar for E39 Ålesund-Molde ut frå kva som kan vere teknisk mogleg å få til og ut frå prioriteringar av midlar til prosjektet i gjeldande Nasjonal transportplan 2022-2033.
Arbeid med grunnlag for ein ny revidering av Nasjonal transportplan er i gang. Statens vegvesen vil ut frå dette og ut frå budsjettforslaget for 2023, vurdere framdrift for planlegging og førebuing av store vegprosjekt.