Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:289 (2022-2023)
Innlevert: 02.11.2022
Sendt: 02.11.2022
Besvart: 10.11.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren forklare meg realismen i, og korleis det er praktisk mulig å bygge Møreaksen sin fyrste del som fjordkryssinga frå Vik til Julbøen, der dei ser vekk frå rekkefølgekrava frå Vestnes kommunen, og dermed måtte sette trafikken frå dette på dagens vegsystem frå Vik til Vestnes og frå Julbøen inn til Molde og gjennom Molde by?

Begrunnelse

Det er i dokument framsett påstand frå Statens vegvesen region midt at prosjektet E-39 Møreaksen frå Ålesund-Molde skal ha ein kostnad på ca. 24 milliard kr.
Svært mange har stilt spørsmål ikring dette, og få klarer å ta dette kostnadsestimatet verken seriøst eller på alvor.
i Møre og Romsdal opplever fylkeskommunen ein formidabel kostnadsvekst på alt av samferdselsprosjekt. Til dømes på Nærlandsøybrua har kostnaden auka frå 280 mill. kroner for få år sidan til dagens anslag på 830 million kr. Det same ser fylkeskommunen på alt av veganlegg samt ferjekaier osv.
Statens vegvesen region midt derimot, ser ut til å "leve i sin eigen verden" og er tydelegvis ikkje påverka av situasjonen i vårt land eller i resten av verden. Det er mangel på det meste av byggjematerialer, alt av alle andre komponentar og drivstoff osv. har auka kraftig i pris.
Reguleringsplanarbeidet er slett ikkje ferdig eller påbegynt i heile strekninga Ålesund-Molde. Akkurat no held STVV på med reguleringsplanarbeidet for E-39 Ørskogfjellet-Vik, utan at nokon kan forklare kva dette vil kunne koste aleine. Her er også rekkefølgekrav frå Vestnes kommune om at det ikkje kan setjast trafikk på strekninga over fjorden frå Vik til Julbøen før dette prosjektet forbi Vestnes og til Ørskogfjellet er ferdig.
I planarbeidet og framlagt forslag frå STVV legg dei opp til at fyrste byggesteg for ny E-39 Ålesund- Molde er fjordkryssinga frå Vik- Julbøen.
Korleis dette er praktisk mulig når det er vedteke rekkefølgekrav frå Vestnes kommune om at E-39 Ørskogfjellet -Vik også må være ferdig, er det mange som verkeleg undrast over.
Dei fleste lurer på korleis trafikken frå Vik-Julbøen kan setjast på, før vegen også frå Julbøen og gjennom og forbi Molde er ferdig.
Med andre ord, så driver her Statens vegvesen med eit eller anna "lureri" der fjordkryssinga skal byggjast fyrst, for så å bruke lokalvegen inn til Vestnes og dagens vegsystem inn til og direkte gjennom Molde by.
Alle som har vore i området og kjenner dette distriktet, forstår at ny E-39 ikkje kan gå frå Tomrefjorden på dagens veg og inn til Vestnes. Dette er brot på rekkefølgekrav.
Like sjølvsagt er det at trafikken frå ny E-39 over Romsdalsfjorden mellom Vik og Julbøen heller ikkje kan gå i dagens vegsystem direkte inn til og igjennom Molde by.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Det er no i gang ei ekstern kvalitetssikring (KS2) for E39 Vik-Molde. Dette er i tråd med krava til styring av statlege investeringsprosjekt over ein milliard kroner. Kostnader og finansiering er viktige områder som skal vurderast i kvalitetssikringa.
I tråd med Vestnes kommune sitt vedtak av reguleringsplan for E39 Vik-Julbøen (kryssing av Romsdalsfjorden), vil dagens fv. 661 mellom Vik og Helland bli utbetra med gang- og sykkelveg samt trafikktryggingstiltak samstundes med at fjordkryssinga blir bygd. Når E39 Ørskogfjellet-Vik opnar vil fv. 661 bli klassifisert som arm til E136.
Ved handsaming av omregulering av kryss for E39 og fv. 661 på Vik i 2021 gjorde Vestnes kommune et tilleggsvedtak:

«Kommunestyret krev at det ikkje blir sett trafikk på Vik-Julbøen før Vik-Ørskogfjellet er ferdig.»

Statens vegvesen tilrådde at kommunen ikkje skulle vedta dette tilleggspunktet, men det er ikkje vedteken som ei føresegn til planen og er derfor ikkje juridisk bindande.