Skriftlig spørsmål fra Sveinung Stensland (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:357 (2022-2023)
Innlevert: 09.11.2022
Sendt: 09.11.2022
Besvart: 14.11.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Sveinung Stensland (H)

Spørsmål

Sveinung Stensland (H): Kan statsråden gjøre rede for hvordan regjeringen arbeider med å ivareta Norges interesser i forbindelse med EUs pågående arbeid med å fremforhandle en forordning om kunstig intelligens (Artificial Intelligence Act)?

Begrunnelse

Viser til Personvernkommisjonens rapport NOU 2022: 11, hvor det fremgår at «EU arbeider for tiden med en ny forordning for å regulere kunstig intelligens (KI). Denne forordningen vil blant annet gjelde enkelte KI-systemer som anvendes av eller brukes mot forbrukere. Forordningen forventes å tre i kraft i perioden mellom 2022 og 2024». Videre viser Personvernkommisjonen til at regjeringen i 2021 innga høringsinnspill til Europakommisjonen, hvor regjeringen blant annet pekte på «at forordningen bør omfatte systemer som fører til økonomiske skadevirkninger, for å beskytte forbrukere». Personvernkommisjonen «anbefaler at Regjeringen engasjerer seg i utformingen av forordningen for kunstig intelligens med vedlegg, og jobber for en regulering som sørger for at KI-systemer utformes på en måte som ivaretar personvernet i både utvikling og bruk av systemene». Spørsmålsstiller er enig med kommisjonen, og viser til at det pågår forhandlinger i EU om innholdet i forordningen. Det er viktig at regjeringen er på banen for å sørge for at norske interesser ivaretas.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Kunstig intelligens er teknologi som vil få større innverknad på liva våre framover. Det er særs viktig at denne teknologien blir utvikla og brukt på ein etisk og ansvarleg måte, til beste for både den enkelte og samfunnet.
Europakommisjonen la fram sitt forslag til regulering av kunstig intelligens (KI-forordninga) våren 2021. Noreg sendte eit posisjonsnotat til EU som svar på dette forslaget. Posisjonen var eit resultat av ein brei prosess som involverte både næringslivet, partane i arbeidslivet og viktige interessentar som Datatilsynet, Standard Noreg, Diskrimineringsnemnda og Forbrukarrådet. Personvernkommisjonen valde i sin rapport å trekke fram eit moment frå posisjonsnotatet som omhandlar forbrukarspørsmål, men notatet gir òg innspel på fleire andre område, blant anna om behovet for harmonisering mellom KI-forordninga og personvernforordninga og om regulatoriske sandkasser.
Arbeidet med KI-forordninga er nå i ein fase med politiske forhandlingar i EU. Som EØS-nasjon, deltar ikkje Noreg i desse. Noreg deltar likevel i EU sitt arbeid med KI på embetsnivå, blant anna gjennom EU sine høgnivågrupper på temaet. Desse gruppene har utvikla dei policy-dokumenta arbeidet med KI-forordninga baserer seg på.
Noreg var eit av dei første landa i Europa til å etablere eit kontrollert testmiljø for verksemder som vil eksperimentere med personopplysningar og kunstig intelligens samtidig som dei får oppfølging av personvernstyresmaktene. Denne type testmiljø, ofte kalla «regulatorisk sandkasse», er ein viktig del av den nye reguleringa Europakommisjonen har foreslått. Datatilsynet har gjort viktig informasjon om korleis den norske sandkassa er sett opp og resultat frå prosjekta tilgjengeleg på engelsk, og det er stor interesse for erfaringane frå arbeidet i Noreg både frå Europakommisjonen og interesserte medlemsland. Testmiljøet hos Datatilsynet blei etablert som eit prøveprosjekt i 2020, og eg foreslår i framlegg til statsbudsjett for 2023 å gjere ordninga permanent.
Standardar er eit viktig verkemiddel i KI-forordninga. Parallelt med at EU forhandlar om formuleringane i forordninga har dei sendt ut ein førespurnad til standardiseringsorganisasjonane om å utarbeide standardar som kan støtte KI-forordninga. Noreg deltar i desse standardiseringsorganisasjonane, og Standard Noreg har blant anna oppretta ein komité for Kunstig Intelligens, for å følge opp det internasjonale arbeidet på området.
I tillegg deltar Noreg saman med blant anna Europakommisjonen og EU-medlemsland i fleire andre fora som diskuterer spørsmål knytt til etisk og ansvarleg KI, slik som «OECD Working Party on AI Governance» og Europarådet sin «Committee on Artificial Intelligence».