Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:380 (2022-2023)
Innlevert: 11.11.2022
Sendt: 11.11.2022
Besvart: 17.11.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Når statsforvalteren krever nye kostbare feltundersøkelser i kommuneplanprosessen er det de selv eller kommunen som må dekke utgiften?

Begrunnelse

Statsforvalteren i Vestfold og Telemark har i et skriv fremmet innsigelse på Bamble kommunes naturtypekartlegging. Innsigelsen går ut på manglende kartlegging av natur i alle byggeområdene med nytt eller endret arealformål, og manglende innarbeiding av denne kunnskapen i planen. Miljødirektøren påpeker at innsigelsen kan løses ved at det gjennomføres en ny utredning av forslag til ny eller endret arealbruk, med innhenting av ny kunnskap om naturmangfold fra Artskart, samt at det gjennomføres en ny feltundersøkelse av naturtyper etter anerkjent metodikk. Dette gjelder alle byggeområdene der det foreslås ny arealbruk og det ikke foreligger tilstrekkelig kunnskap om naturtyper gjennom tidligere kartlegging.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: I spørsmålet frå stortingsrepresentant Njåstad er det vist til ei sak i Bamble kommune som omhandlar ei motsegn frå statsforvaltaren til kommuneplanens arealdel. Dette er ei sak som er til handsaming kommunen, og eg kan difor berre uttale meg på generelt grunnlag og ikkje til den konkrete saka.
For alle planar som omfattast av forskrift om konsekvensutgreiingar, skal utgreiinga ta utgangspunkt i relevant og tilgjengeleg kunnskap. Dersom det manglar kunnskap om viktige forhold, skal dette innhentast. Dette kravet gjeld både for kommuneplanens arealdel og for reguleringsplanar. Konsekvensutgreiinga sitt innhald og omfang skal likevel vere tilpassa den aktuelle planen, og vere relevant for dei avgjerder som vert teke. Dette følgjer av § 17 i forskrifta om konsekvensutgreiingar.
I forskrifta § 18 er det gitt særskilde føresegner som gjeld konsekvensutgreiing for overordna planar, til dømes kommuneplanens arealdel. Føresegna presiserer at for kommuneplanar kan konsekvensutgreiinga avgrensast til å gjere greie for verknadane av planen på eit overordna nivå. Det føreset at ein veit nok om kva for verdiar som vil kunne bli berørt av føreslått arealbruk. Konsekvensutgreiinga av kommuneplanens arealdel skal skildre verknader som utbygging av nye område eller vesentleg endra arealbruk kan få for miljø og samfunn. Normalt vil det finnast mykje miljøinformasjon i offentlege kartgrunnlag og databasar. I dei tilfella det ikkje finnast slik informasjon, og det er fagleg grunnlag for å tru at verdifull natur vil kunne bli negativt påverka, kan det vere naudsynt å oppdatere kunnskapsgrunnlaget før det blir fatta endeleg planvedtak.
Kommuneplanens arealdel er kommunen sin eigen plan, og kommunen er forslagsstillar etter forskrift om konsekvensutgreiingar. Etter forskrifta er det forslagsstillar som skal bære kostnadane med å utarbeide konsekvensutgreiing.