Andreas Sjalg Unneland (SV): Kva gjer justisministeren for å trygga norskiranarar og sikra ytringsfridommen deira?
Begrunnelse
Gjentekne gonger rapporterer norskiranarar om kjensla av å bli overvaka av representantar for iranske styresmakter i Noreg. Frykta for represaliar mot seg sjølv eller familiemedlemmer som bur i Iran gjer at mange kvir seg for å delta i møte og demonstrasjonar eller ytra seg på sosiale og redaksjonelle medium. Slik vert iransk etterretning ein trussel mot ytringsfridomen til norske statsborgarar med iransk opphav.